tirsdag 29. desember 2015

Glade jul og det som følger med..


Er det ikkje typisk? Omtrent samtidig som jula ringast inn får vi uønska gjester i hus: forkjølelse og feber! Vi har hatt det kvar sin gong, og no er vi ferdig. Bank i bordet! 
Men vi har kosa oss så godt vi kan med god mat og det som høyrer med. 
Berre det å vere ilag over lang tid er fint! :)


år stod jentene for pyntinga av juletreet på lillejulafta. Pynten vart skeivt fordelt, men veldig sjarmerande! Sjølv om eg må innrømme at eg klør litt etter å fikse på det, 
så skal eg ikkje øydelegge gleda for jentene ;)


Vi er heldige som hadde mange fine gaver under treet, 
og flotte folk å feire saman med!


Har du hatt ei fin julefeiring?

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 16. desember 2015

Mens vi venter..

/produkt i innlegget er sponsa av Rikki Tikki

Mens vi venter på å ta inn juletreet lillejulafta, har eg pynta nokre greiner i ein Kahler vase. Dette gjer eg for så vidt kvart år. Men dette året var eg heldig å få tilsendt herleg julepynt i filta ull frå Èn Gry & Sif. Kjempefine synast eg! 

Èn Gry & Sif er dansk design kombinert med nepalisk handverk. 
Sjølvsagt Fair Trade, noko som er veldig viktig!

Eg liker tradisjonell julepynt med ein ny vri. 
Sopper er eg av ein eller annan grunn spesielt svak for ;)

Eg håper kvelden din er fin!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 13. desember 2015

Julestemning

 Som vaksen er det sjelden at den store julestemninga 
eg husker frå eg var liten dukker opp. Men på julekonsert i kyrkja idag 
kjente eg den kom sigande. Kanskje fordi eg som lita jente var med å song inn jula på denne konserten kvart einaste år. I dag var første gongen Ariel deltok. 
#stoltmamma

Ha ein fortsatt fin Lucia!

Klem frå Bjørg :-)

lørdag 12. desember 2015

God Adventshelg!


Eg har ikkje så mykje på hjartet idag anna enn å ønske alle ei god helg,
 med nokre bilder frå heimen som har fått litt julepynt! 

Klem frå Bjørg :)

søndag 6. desember 2015

Årets julekort!

Japan Photo, der eg jobber, har også mange spennande spesial-butikker. 
Det er sjølvsagt for meg å kjøpe julekort der. Det er veldig enkelt å utforme fine julekort. Når du i tillegg får ferdig tekst på kortet er det berre å putte kortet i konvolutten 
og sende avgårde med posten. Ei fin løysing for meg som tar ting med 
lave skuldre iår ;) Eg valde eit design laga av min kreative 
kollega Marie. Du finn dette og mange andre flotte 

Om du sjekker ut @husetvedfjorden på instagram finn du ein Give Away 
der du kan vinne gåvekort på kr 600,- hos Takkekort.no Ein superfin
 premie å bruke på årets julekort, eller til ei anna 
anledning resten av året. 

I dag (6.12.15) får du heile 40% på 6 siders kort,
 som har rikeleg plass til ei fin julehelsing.
Husk å bruke koden TKSUPERJUL 
i handlekorga :)

Ha ein fin søndag!

Klem frå Bjørg :-)

lørdag 5. desember 2015

Førjulstid!

Eg har lært frå desember ifjor. 
Den var nemleg prega av stress og alt som måtte gjerast! 
I år prøver eg å halde skuldrane lave. I staden for ferdig julepynta hus 
1.desember, tar vi ein annan vri dette året. No snik jula seg inn litt etterkvart. Julegåvene er omtrent ferdig handla inn. Med avslappande klikk frå nettet godt planta i sofaen, 
er dei på veg til meg med posten. Julevasken får vente ei stund til, 
slik at det held seg reint og ryddig til julafta ;)
Julestjernene er sjølvsagt på plass. 
Julepledd, sjølvlaga lysboks og julebroderi laga av svigermor er komen på veggen. 
Meir vil dukke opp etterkvart. Eg storgleder meg til juletreet er på plass. Men tradisjonen tru blir ikkje det før lillejulafta. Ellers har vi sjølvsagt laga nokre julekaker, 
men det er jo berre kosleg for liten og stor! :)
  
Husker du på å kose deg i desember?

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 2. desember 2015

Hipp Hurra..


..for Ariel som vart 6 år idag! 
Vi er så stolte av deg, og ikkje minst glade i deg.
Gratulerer med dagen finaste du!

Klem frå Mamma :-)
Related Posts with Thumbnails