mandag 30. mars 2015

Material Girl!

Sjølv om hjartet mitt er mest glad i gjenbruk og redesign, 
så frister det også med noko heilt nytt av og til.
Akkurat no har eg skikkeleg dilla på 
produkta til House of Rym.
Eg klikka heim dette pleddet og to av desse koppane her ein kveld! 
Berre fordi eg ikkje klarte å la vere! "Ein har jo 
alltid bruk for slikt!" prøvde eg å forklare 
min tvilande mann ;)
Ha ein herleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)

lørdag 28. mars 2015

Eg er avhengig av..

..interiørblad! Og eg har mange, veldig mange
Eg klarer ikkje å kaste dei heller. Til mannens store fortvilelse. 
Dei samler seg opp i skap og i ein stabel att med sofaen. Som den interiørnerden eg er,
 så ser eg i blada igjen og igjen. Eg elsker all inspirasjon dei gjer meg. 
Å legge seg i sofaen med noko godt i koppen etter ungane
 har lagt seg og opne eit nytt blad, 
det er kos det!
Noko som er ekstra moro er at etter å ha blogga i over 5 år, 
så ”kjenner” eg mange interiørinteresserte som til stadig dukkar opp i desse blada. 
Eg må innrømme at det er ganske moro å få litt plass på glansa papir eg også av og til. I nyaste Boligpluss kom nemleg marmorbrettet mitt med på tips-sidene! 
Det synast eg er stor stas :)
Interiørblad er forholdsvis dyre. 
I alle fall viss du kjøper omtrent alle blad som er på markedet, slik som eg gjer ;) 
Difor er det lurt å sjekke under interiørkategorien hos Bladkongen.no for gode tilbod. 
Å abbonere er billegare, du får bladet rett i postkassa og du får det før ein får kjøpt det i butikken. Noko som er veldig positivt, spør du meg! Difor abbonerer 
eg på mange interiørblad sjølv.
Abbonerer du på interiørblad? Ha ein strålande dag!

Klem frå Bjørg :-)


//Dette innlegget er eit redaksjonelt samarbeid//

fredag 20. mars 2015

TGIF

Det er alltid fint med helg...
...eg ønsker deg ei strålande ei!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 15. mars 2015

Kommode i Teak; Velkomen!

Søstra til mannen og familien har kjøpt ein gard. 
Der står eit gammalt hus fullt av skatter, faktisk så mykje 
at dei ikkje hadde plass til alt sjølv. Eg var meir enn villig til å hjelpe til ;)
Blant anna fekk denne teak kommoden vere med oss heim. 
Eg hadde først tenkt å måle dørene på den. Men eg er så glad eg lot vere! 
Den er perfekt som den er!
Ein fin kontrast til alle pastellane i stova vår.
Ha ein fortsatt fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 13. mars 2015

Diy: Lys i eggeskal

Inspirert av ein ide eg kom over på Pinterest
 har eg laga meg fin påskepynt :)
 Eg tok vare på nokre eggeskal etter ei vaffelrøre. 
Dei skyllte eg i vatn og deretter lufttørka. Så tok eg fram nokre stearinlys
 som eg knekte opp i eit glas. Glaset med lysa sette eg til smelting i ein kjele med kokande vatn. Veiken tok eg vare på. Den klipte eg til slik at dei 
vart veiker som passa i eggeskala.
 Når stearinen var smelta helte eg den over i eggeskalla. 
Veiken holdt eg på plass med to pinner. Når stearinen var hard igjen 
måla eg eggeskalet med jentene sine vannfargar. 
I fine eggeglas blir dette flott
påskepynt.
Ha ei super helg!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 8. mars 2015

Nibutfordringen: Vakker fornyelse med Lady maling

Månadens utfordring frå Nib er "Vakker fornyelse med Lady maling". 
For meg er det å finne fram målekosten og magisk trylle fram "nytt" interiør rein terapi
Eg går ofte på målebutikken og "snoper" nye fargar. Noko som har 
resultert i eit godt utvalg glade fargar som blir tatt fram når 
målelysta blir for stor! Og det skjer ofte!
Bordet og stolane på bildet har alle fått fornyelse med måling. 
Eg bruker gjerne forskjellige fargar på stolane for å få ein 
uhøgtidleg og morosam effekt. Og nokre gonger er det nok å berre måle 
litt av stolbeina for at møbelet blir slik eg vil!
 Vil du ha meir måleinspirasjon kan du klikke deg inn her!

Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 5. mars 2015

Ein sjelden gong..

..er det ryddig på Ariel sitt rom
Og då må det dokumenterast med nokre bilder ;)
 Ariel har fått "nytt" nattbord på rommet sitt; 
ein liten kommode som eg har fått etter Besta. Den har tidlegare stått i stova vår. 
Bildet på veggen har eg fått etter Bestemor og senga stod heime på garden 
der eg vaks opp. Den har fått rosamåling (roseblad frå Fargerike)
Gode minner blanda med litt nytt :)
 Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 1. mars 2015

Ups!

Klokka som eg laga for ei stund sidan har allereie fått ein makeover
Eg laga klokka av ei finerplate og visere som eg spraymålte.
Sjølv om eg syns det er utruleg fint med ubehandla treverk, 
så fekk eg det ikkje til å "stemme" her hos oss. 
 Med ein retrotapet passa klokka så mykje bedre inn i heimen vår. 
Akkurat passe fargerik og glad ;)
Om eg skulle ombestemme meg, 
så er det berre å snu plata ;) 
Ha ein fortsatt fin søndag!

Klem frå Bjørg :-)
Related Posts with Thumbnails