onsdag 22. oktober 2014

DIY: Lysestake

No har eg og rota meg til 
å lage min versjon av den populære Ferm Living lysestaken. 
Når Panduro selg alt du treng for å kome igong, så er det ganske enkelt :)
Eg måla nokre av kulene og tredde dei inn på ei snor. 
Kjapt og veldig kjekt prosjekt! Eg syns den vart ganske dekorativ og? 
Eg trur eg må lage meg ein i julefarger og ;) Det kan bli veldig fint
 som adventslysestake, tenker eg!
 Ha ein nydeleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)

lørdag 18. oktober 2014

Ha ei fortsatt fin helg!

Eg er innom for å ønske alle ei fortsatt
fin helg med nokre oversiktsbilder frå heimen vår:)
Eg håper du har det fint!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 15. oktober 2014

Litt nytt på favoritt-skjenken

Mitt favoritt- møbel må vere den turkise skjenken i TV- stova. 
Den kom til oss på rein impuls. Ei dame eg kjenner skulle kvitte seg med den. 
Eg slo til og tok den med heim. Sjølv om eg egentleg ikkje hadde plass. Det 
ordna seg, og snart vart den måla turkis. Ikkje eit heilt vanleg valg. 
Men eg digga den fargen, og det gjer eg fortsatt :)
I dag har skjenken fått litt nytt på seg.
 Eg har lengta etter tulipaner. Dei er så fine!
Crispy og rosa tulipaner. Gleda var stor når eg fann dei på Plantasjen :) 
Lysestakane har eg hatt ei stund, dei er frå Søstrene Grene.
 Lampa er den eg hadde på leksepulten min som lita jente. 
Den var brun, men etter ein omgong med grøn spray
 så passa den mykje bedre inn i heimen vår :)
Eg håper onsdagen din er fin!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 12. oktober 2014

I vinduskarmen på kjøkkenet..

...har eg plassert en "skuffesak" frå Panduro. 
Først fekk den ein liten makeoverSkuffene har fått tapetrester 
og Butterfly/Nude måling på seg :)
Det er praktisk med ein slik til 
alle småtinga ein ikkje veit kor ein skal gjere av ;)
 Tomatavlinga på kjøkenet har faktisk fungert denne gongen! 
Vi har plukka raude tomater frå dei to plantane sidan august ;)
 Ønsker deg ein fin  kveld!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 8. oktober 2014

Nib- Utfordring: En dose farge på soverommet

Nib- utfordringa for oktober dreier seg om farger på soverommet. 
Vi har farger i alle rom i huset vårt. Soverommet er intet unntak ;) 
Fargane er litt duse der no for tida. Med grønt, 
mint og litt rosa.
Eg måtte berre slenge med dette gamle bildet av soverommet vårt også. 
Her er det endå meir farger og litt meir liv og røre ;)
Sjå alle dei flotte soverom- bidraga i utfordringa her!

Ha ein flott dag!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 1. oktober 2014

Fargeglad fornyelse

Eg trengte litt meir farge på badet vårt. 
Vi hadde ein kvit kommode der. 
Den er ikkje kvit lenger ;)
 To av skuffene fekk farge på seg. 
Min favoritt farge-kombinasjon for tida er Nude og Butterfly.
 Derfor vart det sjølvsagt disse to som fekk pryde kommoden.
 Fargar til å bli glad av og som 
gjer meg ein god start på morgonen ;)
Eg håper kvelden din er fin!

Klem frå Bjørg :-)
Related Posts with Thumbnails