søndag 28. september 2014

Ny spennande jobb!

Endeleg er huset nokelunde likt seg sjølv 
etter 1 veke med uvelkomen gjest i hus; Feber
Det skal bli godt å starte på ny veke friske og raske! :)
Det er ekstra spennande på jobb for tida! 
Eg er begynt å jobbe i Japan Photo. Og ein del av jobben er 
ansvaret for nettbutikken bilderammer.no :) Nettbutikken har Norges største 
utvalg i bilderammer. Vi har mange flotte kvalitetsrammer som ingen andre har.
 I tillegg får du standard- rammer. Noko for einkvar smak med andre ord! :)
Dette er jo ein interiørrelatert jobb og eg storgleder meg 
til å blant anna ta produktbilder og 
å markedsføre i sosiale medier!
Eg er allereie igong på Facebook og på Instagram
Her vil eg vise inspirasjon til å bruke rammer i interiøret og produktbilder 
av dei flotte rammene våre, ha konkurranser og gje gode tilbud. 
Det blir stas å ha ein jobb der eg kan utfolde meg
 på det kreative planet! :)
Viss du vil følge meg
 i nyejobben hadde eg sett stor pris på det! :)

Du finn Facebooksida om du trykker her! 
På instagram finn du meg under @bilderammer. 
Nettbutikken finner du her!

Det blir også blogg, der er eg ikkje heilt igong endå. 
Men eg skal legge ut link når den er klar! ;)
Vil du følge meg i jobbsamanheng også? :)

Ha ein super kveld!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 24. september 2014

Haust i stova

Hausten sniker seg inn i stova. 
Varmt i koppen, epler og stearinlys. Ullteppet er på plass
 for kosestunder i sofaen. Eg liker hausten! :)
Lesestoff er eit "must" i sofaen. Eg er avhengig av interiørblad.
Og eg har mange, altfor mange ;)
Mange demper ned fargebruken i heimen sin når det blir haust. 
Det gjer ikkje eg. Dei muntre fargane får bli, året rundt. 
Dei gjer meg glad!
Med hausten følger det også med sjuke småjenter. 
Her er det feber på 4.dagen. Den delen kan eg godt styre unna ;)
Ha ein herleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 23. september 2014

Gjenbruk av syltetøyglas

Syltetøyglas er fantastiske til gjenbruk! 
Dei er fine til oppbevaring. Ekstra fine blir dei viss ein piffer dei litt opp. 
Denne gongen har eg måla lokket og festa på trekuler frå Panduro. 
To av kulene har eg måla, dei er festa ved å lage eit hol i lokket. 
Eg trekte eit tynt tau gjennom holet og trekulene
 og knytte ein knute i kvar ende.

Ei korktavle er også oppdaterte med ny farge på ramma :)
Ha ein herleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 10. september 2014

Epler og puter

Eg liker hausten
Spesielt godt liker eg haust og finever i kombinasjon ;) 
Det er stas å kunne plukke epler frå trea våre. Og kjenne på at trangen
 til å sy gjer seg gjeldande. Det skjer kvar haust. Og det er like mykje styr 
å grave seg fram til symaskina kvart år ;)
 I dag sydde eg med ei bartepute
Eg såg ei liknande pute i bladet "Mollie makes", 
og vart veldig inspirert til å lage mi eiga ;)
 Retrostoff og bart er ein fin- fin kombinasjon ;)
Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 4. september 2014

#likebrabrukt

Månedens utfordring hos NIB heiter #likebrabrukt
Eg treng kanskje ikkje å seie at denne likte eg? Huset vårt er fullt av bruktfunn 
blanda med innslag av nyare design. Ein mix eg trivast godt med! Men eg må innrømme
 at å handle brukt ligg hjertet mitt nærmast. Det er lite som slår 
følelsen av å gå på skattejakt på Finn, bruktbutikker og loppis.
Like bra brukt? Ja, så absolutt! :)

Eg synast bruktfunn er med på å gjere interiøret personleg
 og mykje meir interressant. Det er her ein kan bruke kreativiteten sin
 og ha det gøy med å dekorere heimen sin!
 I stova finn du loppekrakker, eit brukt kjøkkenbord som er blitt sofabord. 
Ei leselampe og eit ullteppe funne godt brukt på garden eg voks opp. 
Roberts- Radio funne på bruktmarked i England. Til og med
 nokre av putene er laga av stoff kjøpt brukt  på Finn ;)
 Rommet til Hermine har kommode frå loppis som 
eg har fornya med nye farger. Den raude stolen stod så fin og 
brukt igjen etter forrige eigar av huset vårt. Bildet er frå ein bruktbutikk.
 Og leikekomfyren fant eg på ei kjøp/salg side på Facebook ;)
 På Ariel sitt rom er den grøne hylla eit bruktfunn. 
Bordet stod igjen i huset etter forrige eiger. Det fekk ein liten makeover. 
Den grønne stolen er eit bruktfunn eg fann i England i sommer. 
Kjærleik ved første blikk! Eg klarte såvidt å få den meg 
meg heim i kofferten ;)
  Senga til Ariel er eit bruktfunn frå loftet til Pappa. 
Den har eg nyleg måla rosa. Furu- kommoden har eg fått godt brukt av søstra mi. 
Den har eg redesigna ein smule ;) Bildet over senga er ein skatt etter
 Bestemora mi! Hekleteppet er også
 gammalt og brukt lenge :)
Min store lidenskap er brukte stoler
Både ferdig slitte, og nokre med ny farge. Kjøkenbordet og spisebordet
 har begge fått selskap av fine eksemplar ;)
Hylla mi på kjøkenet er også fullt 
av fine bruktfunn!
Det var som de ser vanskeleg for meg å velge ut berre nokre få bruktfunn. 
Så her fekk de plutseleg ei lita omvisning i huset vårt istaden ;)

For meir herleg Bruktfunn- inspirasjon, trykk her!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 3. september 2014

DIY; Lysetake av drivved

Eg var å snoka litt i fjæra til foreldra mine. 
Der fann eg fin drivved som kan brukast til så mangt. 
Lenge har eg hatt ein ide om å lage lysestaker. Og dette ville
 passe perfekt ;) Pappa sagde den i tre deler til meg.
Så lot eg det tørke nokre dager.
Eg maskerte nokre centimeter ned på kubben, 
deretter malte eg i fine farger :)
I toppen borte vi hol, 
og skrudde i metallkopp kjøpt på Panduro.
 ...og simsalabim 
3 nye lysestaker klare til haustkosen :)
Ha ein herleg onsdag!

Klem frå Bjørg :-)
Related Posts with Thumbnails