mandag 30. juni 2014

Ei sandkasse..

..trenger ikkje sjå kjedeleg ut! 
Med litt mintgrøn oljemåling på ei sandkasse frå Biltema, 
så blir den straks litt meir morosam å sjå på ;)
Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 27. juni 2014

Ut på tur..

..aldri sur!
Eg elsker å reise. Følelsen av å oppleve noko nytt ilag 
med dei eg er glad i, er veldig god! Denne sommaren reiser vi til Winchester i England.
 Det ligg ca 1 time med tog sør for London. Mannen har familie her, 
så vi har vore på besøk der nokre gonger før. Dette er ein veldig 
sjarmerande by, med mange gamle, koslege bygningar. I tillegg
 er der herleg shopping og mange fine spisestader. Vi skal bu i 
eit cottageViss du har sett filmen The Holiday, 
så skjønner du korleis dei ser ut :)
Bildet er frå forrige gong vi besøkte Winchester :)
Sjølv om feiren for i år er sikra, 
så hindrer det meg ikkje å planlegge neste års ferie ;) 
Då frister det voldsomt å besøke Astrid Lindgrens verden i Vimmerby,
 som sjølvsagt ligg i Sverige.Hos oss er Emil, Pippi, Ronja, Maddicken og alle dei andre populære både for oss foreldre, Ariel og Hermine. Det må derfor vere supert å gå i denne parken der du finn Villa Villekulla, Katthult og alle dei andre stadane 
med tilhøyrade figurer i levande live
Bildet er frå bildesøk på google.
Det blir spelt skuespill der som vi besøkande endar midt opp i. 
Når skuespillet har pause, vandrer rollefigurane blant barna. Dei tar del i leiken,
 og eg tipper dette er meget populært for dei små. Eg for min del er meget
 fascinert av det nostalgiske interiøret
så det gleder eg meg veldig til! ;)
 Bilde frå Bildesøk på google
Når attraksjonen er så bra, er det berre å finne overnatting i nærheten, spør du meg! 
Eg tok eit søk på Vimmerby hos hotelspecials.no og der fann eg eit nydeleg, nostalgisk hotel frå 1860 talet; Vimmerby Stadshotel. 
Det ligg nært sentrum og Astrid Lindgrens verden. 
Og i tillegg serverer dei eigen barnebuffe, 
noko som passer bra for mine 
to kresne jenter ;)
 Bilde frå hotelspecials.no

Eg trur at også neste års ferie er i boks ;)
Kva slags planer har du for sommaren?

Klem frå Bjørg :-)

mandag 23. juni 2014

Ha ei fortsatt fin..

...Jonsok- feiring :)

Klem frå Bjørg :-)

lørdag 21. juni 2014

Hurra for Hermine

For 2 år sidan akkurat idag, 
vart verdas beste Hermine født. Og det vart sjølvsagt feira! :)
 Vi hadde familieselskap, der vi serverte pølse med brød. 
Og sjølvsagt ein dæsj med kaker, frukt og is ;)
 Av oss fekk ho eit dukkehus i tre. 
Dukkehuset kjøpte vi i ein nettbutikk, og merket heiter KidCraft
Det virker solidt og er fullt av fine detaljer
Bursdagsbarnet var også 
fornøgd :)
No har eg landa på sofaenOg eg har 
endeleg tid til litt blogging igjen! Det er lenge sidan sist :)

Ha ein herleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 12. juni 2014

Ha ein fin kveld!

Eg ønsker deg ein fin kveld med bilder frå kjøkenet vårt. 
Dette rommet er eit godt døme på interiørstilen min. Stilen er ei god blanding
 av gammalt, nytt, retro, vintage og moderne. For ikkje å gløyme fargeklattane 
som eg er heilt avhengig av ;) Ser du i kjøkenhyllene mine ser du at 
eg endeleg har fått tak i ein Catrine Holm kjele 
med lotusmønster. Stor lykke ;)
 Ei anna lykke er flotte peoner i ein vase :)
Ha ein flott kveld!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 11. juni 2014

Meir TV-stove

Sidan eg var så godt igong, viser eg litt fleire bilder frå TV-stova idag. 
Eg er fortsatt forelska i fargane her. 
Og ikkje minst i det nye teppet ;)
Teppet har eg kjøpt hos nettbutikken til Indiska, 
og det kosta berre kr 199,-. Det er i plast,
 og kan også brukast ute.
Visste du forresten at eg er på Instagram også? 
Du finn meg som @husetvedfjorden :)
Er du på Instagram?

Ha ein herleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)

mandag 9. juni 2014

Prikken over i'en

Eg ville ha eit plastteppe på terassen vår. 
Og etter eit google-søk fann eg eit fin-fint eit hos Indiska
Det vart klikka heim, og dukka opp på døra med postmannen (eg elsker netthandel!) 
Då eg pakka det ut, såg eg snart at dette passa jo perfekt i TV-stova vår. 
Den lille fargeklatten som mangla. Prikken over i'en.
Eg blir rett og slett glad av fargane her!
Vasane på bordet har eg
 laga sjølv av mannen sine tomme ølbokser ;)
Ha ein flott kveld og god ny veke!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 5. juni 2014

Nibutfordringen; Uterom

Her kjem mitt bidrag nummer 2 til Nib sin utfordring Uterom
Eg viser nokre nye bilder og nokre reprisebilder ;)
 Uterommet vårt består av ein stor terasse med utsikt mot Nordfjorden. 
Her har vi leikehytte til jentene våre. Grill og spisegruppe. 
Sofagruppe og solstoler. Alt for einkvar smak ;)
 Og vi koser oss her!
For meir uterominspirasjon
 kan du trykke her!

Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 4. juni 2014

Nye solstoler

Eg har lenge hatt lyst på solstoler på terassen. 
Og då gjerne dekkstoler. Men desse er ofte litt dyre. 
Difor vart eg veldig glad når eg fann slike på Jula til kun 400 pr sett (stol og krakk) 
Dei blir levert ubehandla. Men det gjer meg ingenting å måle. 
Og dei blir finare når ein får velge fargen sjølv ;)
Eg valgte fargen Marikåpe FR1321 til stolane. 
Hos butikken fekk eg blanda fargen i oljemåling til utebruk.
Dei er kjempegode å sitte i. 
Eg har ikkje hatt tid til å sitte der så lenge igongen, riktig nok. 
Men det kjem (når småbarnstida er over kanskje? ;)
Eg blir aldri lei av utsikten vår! :)
Ha ein herleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)

mandag 2. juni 2014

Terasseliv

Eg viser litt bilder frå den gresk- inspirerte delen av terassen. 
Her er det deilig skygge på dagtid og mild kveldsol til rundt halv 10.
Det er så herleg ver ute, at vi nærmast er flytta ut!
Og eg liker det. Måtte det berre 
vare og vare og vare ;)
Ha ei god ny veke!

Klem frå Bjørg :-)
Related Posts with Thumbnails