mandag 28. april 2014

VÅR!

Eg har sagt det før, og seier det igjen; eg elsker våren!
Det er ein herleg følelse å ta av sokker og strømpebukse, og smette ned i skoa barbeint
Blomstrete stoff og pasteller er eit must i interiøret, men
også i klesvegen om våren. Og når ein i tillegg kan brette 
opp jeansen og vise fram kvite legger, 
då er det vår! :)
 Dette retrostoffet er min nye store forelskelse om dagen.
Det er frå eit gammalt sengetøy og kjøpt på epla.noOg det er så utruleg fint
Kanskje eg må lage eit skjerf av det? Til å bli glad av er det iallefall :)
Veska på bildet er ei skinnveske frå Dixie,
 som skal få vere med meg på ein sommerfest eller to. 
Eg digger veskene frå Dixie pga det mjuke skinnet og dei fine detaljane!
Denne har eg fått hos Carriealong.no som er ein fin-fin nettbutikk. Dei har eit
 imponerande utvalg av fine vesker, kofferter, ryggsekker, 
skulesekkar og PC-vesker. Ta gjerne 
ein titt her!

Ha ein flott kveld!

Klem frå Bjørg :-)

PS; Det er ingen fare for at eg skal bli ein motebloggar, 
men det er moro med litt anna enn berre interiør av og til ;)

søndag 27. april 2014

Ein smak av sommar!

For nokre fantastiske dager vi har. 
Her gjeld det å nyte! Og det har vi jammen det gjort. 
Vi har meir eller mindre flytta ut på terassen denne veka. 
Eg håper vi får meir sommar, for dette gav meirsmak ;)
Ønsker deg ei god ny veke!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 25. april 2014

Leikehytte - sesongen er opna!

Leikehytta er vaska og klar for vår og sommar. 
Jentene liker seg godt i hytta som onkelen bygde til dei ifjor. 
Han bygde den av restmaterialer og eg tok måle- og innredningsjobben ;)
Eit utruleg artig prosjekt!
Det er litt tomt her inne endå, 
men det kjem seg heilt sikkert etterkvart ;)
Ha ei herleg helg!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 24. april 2014

Eg ♥ Kvitveis

Å, kor glad eg er i våren
Med dei flotte solskinnsdagane vi har hatt i det siste,
har naturen verkeleg vakna til liv. Det er slikt eit fantastisk syn. 
I tillegg gjer det så godt å få varmen 
i kroppen av solstråler!

Dei første kvitveisane har for lengst blitt fine buketter. 
Her står dei i ein kopp og pynter i 
nyvaska leikehytte :)
Du kan lese meir om kva eg synast om vår i spalta mi i 
Fylkesmagasinet, om du trykker her!

Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 20. april 2014

Meir påske

Eg slenger med 
litt fleire bilder frå påskestemninga i huset :)
Ha ei fortsatt god påske!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 18. april 2014

Utesesongen er opna!

Glede! 
Terassen er vaska og utemøblane er på plass. 
Vermeldingane er flotte og utesesongen er herved opna. 
Hurra! :)
Eg håper sola skin på deg og!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 15. april 2014

Påske i heimen

Eg pleier egentleg ikkje å pynte så mykje til påske
Gule detaljer har eg heile året. Men bjørkekvister med eggpynt
 og krimbok i nærheten (berre eg får tid å lese den) må eg ha i påska.
Ha ein herleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)

lørdag 12. april 2014

God helg!

Eg har knpsa litt bilder av dagsenga i stova vår idag. 
Senga er eit funn som eg klarte å presse inn i bilen etter eit bruktbutikkbesøk.
I denne ser vi film på Macen ved sidan av, eller berre slapper av. Det mangler ikkje puter her iallefall ;) Bildet over senga er nettopp komt opp. Dette er eit av mine favorittbilder. 
Ei strålande Ariel som kaster haustløv opp i lufta :) Kofferten under senga
 har hjul og skjuler nokre av Ariel sine barbiedukker ;)
Eg har jobbefri heile påska, og det føles godt!

Ha ei fin helg!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 6. april 2014

Gamle rørstoler blir nye

Eg fekk vite at ungdomslaget i nabobygda skulle gje vekk alle rørstolane sine. 
Og som den gjenbruk-entusiast som eg er, måtte eg sjølvsagt sjekke dette ut ;)
Godt brukte og slitte var dei, men 4 stoler tok eg med meg heim :)
Etter å ha vaska, pussa og skrapa vekk gammal tyggis (æsj!) 
Så kunne moroa begynne. Det er mange måter å pusse opp slike stoler på. 
Denne gongen valgte eg full makeover. Eg spraya metallet
kvitt og måla treverket på den eine
 i gult og den andre i mint.
Den gule fungerer for tida som kontorstol.
Rørstolen i mint står att med spisebordet. 
Som også er flittig i bruk som tegnebord ;)
Fargane eg har brukt er;
Gul - Lykke
Mint - S0530-B90G
Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 3. april 2014

Nib Utfordring- Foto i interiøret

Nib utfordringa denne månaden er foto i interiøret
Forutenom interiørbilder tar eg mange bilder av blant anna jentene våre. 
Det er veldig kjedeleg å berre la desse ligge gløymt på PC'en. 
Difor har eg så smått begynt å få desse på veggane
Det er på tide! ;)
Eg blander gjerne nyare bilder med gamle familiebilder. 
Dessuten synast eg det er fint å ta med jentene sin kunst, prints og vintagebilder 
for å lage det endå meir variert å sjå på. Bildeveggen går frå 
golv til tak på ein vegg i stova. Ei gul klokke frå 
Kähler er prikken over i'en.
Eg har planer om fleire bildevegger i huset vårt. 
Eit godt foto av ein/noko du er glad i er bedre enn den dyraste kunst,
 spør du meg! :)
For meir inspirasjon innen foto i interiøret kan du trykke her!
Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)
Related Posts with Thumbnails