lørdag 31. august 2013

Den heldige vinnaren er..

...lodd nr 49


Gratulerer så mykje! :)
Kan du sende meg adressa di på epost til husetvedfjorden(ætt)hotmail(dott)no, 
så kjem det snart litt kvardagsluksus til deg i posten ;)

Om du trykker her kan du 
handle herlege produkt frå Oriflame i nettbutikk.

Tusen takk til Ingvild som sponsa den herlege premien!

Ha ein flott kveld!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 29. august 2013

Gjesterom

Eg blir nok ikkje fornøgd med gjesterommet vårt, før 
golvet er måla og vi har fått tapet på veggane. 
 Men eg prøver å lage litt trivsel likevel. 
Herbarium- arka er komne i rammer og på veggen ilag med eit metall- skilt. 
Lysekrona har fått forskjellige vintageskjermer på seg.
Putene er sydd av retrosengetøy.
 Vi har fått ein gammal speilkommode av mannen sine foreldre. 
Den vil nok kome betre fram med tapetsert vegg bakom ;)
Eg digger det patinerte speilet!
 Når vi ikkje har gjester, er dette pusen Sofus sin yndlingsplass. 
Då er det fint å ha eit sengeteppe over senga for å beskytte sengetøyet.
Og eit med nostalgisk rosemønster liker Sofus ekstra godt ;)
 Det passa derfor glimrande at Dekoria.no lurte på om eg ville teste ut 
eit sengeteppe frå deira nettbutikk. Dekoria selger sengetepper i mange flotte design. Du får også liftgardin på Dekoria. Dei  spesialsyr etter dine mål uten ekstra omkostninger. Dekoria har eit godt utvalg av stæsj til heimen. 
Blant anna selger dei trekk til Ikea-møbler. 
Sjekk ut Dekoria  her!
Både Sofus og underteikna er godt fornøgd 
med det nye sengeteppet ;)

Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 27. august 2013

35

I går vart eg 35 år. 
Når eg kom heim etter jobb vart eg overaska med grillmat og bursdagselskap. 
Mannen hadde til og med pynta med ballonger og partylenke. 
Og med strålande sol så vart det ein fin-fin dag!

Fin kveld til deg!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 25. august 2013

Polarbrød

Les du Trines Matblogg
Ho er så fantastisk flinkOg lager kjempegod mat som ho 
illustrerer med flotte bilder. Og ikkje minst er oppskriftene hennar enkle og 
fristande å bruke. Eg har lært meg å bake ved å følge bloggen til Trine;) 
Denne gongen har eg prøvd meg på polarbrød- oppskrifta hennar. 
Kjempegode! Desse har eg kosa meg med
 i lunsjen på jobb:)
Oppskrifta finn du her.

Ha ein strålande kveld!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 22. august 2013

Ny spalte i FM

I dag kom Fylkesmagasinet (for Sogn og Fjordane) i postkassene. 
Eg skriv ei interiørspalte der i annakvart nummer. Noko som er veldig stas! ;)
Denne gongen handler den om leikehytta til jentene.
Om du vil kan du også lese den her!

Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 21. august 2013

Sweets for the sweet ;)

Forrige mandag begynte eg å jobbe igjen etter fødselpermisjonen. 
Eg har ikkje vore i jobb på nesten 2 år. Så det var skikkeleg rart å måtte levere begge jentene i barnehagen og deretter gå på jobb. Men det er jo litt godt også
å kome inn i rutiner. Noko anna som er positivt er at no set ein
 så inderleg pris på fridager igjen. Onsdager er ein slik dag.
 Då har jentene og eg fri :)
Bake muffins er veldig moro, synast Ariel. Så då gjer vi det. 
Sånn av og til, på ein heilt vanleg onsdag ;)
Denne gongen bakte vi blåbærmuffins 
og pynta med melis og strø. Enkelt og greit ;)
Ha ein strålande onsdag!

Klem frå Bjørg :-)

PS; du finn meg på Instagram som Husetvedfjorden,
 viss du har lyst å følge meg der:)

lørdag 17. august 2013

Vinn Oriflame- produkter :) AVSLUTTA

Give Away er avslutta
Dei siste åra har det blitt slik at jentene våre og huset 
blir prioritert når det gjeld innkjøp. Mor sjølv har blitt kraftig nedprioritert
Difor var svaret enkelt når Oriflame- konsulent Ingvild Johansen lurte
 på om eg ville teste ut nokre produkt 
frå hennar sortiment.

Eg har brukt produkta i litt over ei veke, og er veldig fornøgd
Dei føles gode på huda, og dei lukter reint og friskt.
Dette er god kvalitet og føles som litt 
kvardagsluksus når ein er vant
 til produkt frå matbutikk- 
hyllene ;)

Oriflame- konsulent Ingvild Johansen
 vil også gje desse produkta til ein av dokke fine leserar av bloggen!
Hurra :)
 Først litt om Oriflame;
Oriflame ble grunnlagt i 1967 av to brødre og nokre vener. 
I dag er Oriflame eit kosmetikkselskap som selger direkte i meir enn 60 land. 
Den store porteføljen av svenske naturlige innovative skjønnhetsprodukter markedsføres gjennom et salgskorps på ca. 3,6 millioner uavhengige konsulenter
Produkta er basert på naturlige ingredienser og 
dei testast ikkje på dyr.
Du kan også handle Oriflame via nettbutikk

Og viss fristelsen blir stor, og du finn noko du vil kjøpe, 
så kan du sende meg ein epost (husetvedfjorden(ætt)hotmail(dott)com) 
så sender eg deg ein eigen rabattkode som gjer deg  
5% rabatt på di bestilling:)
Om du har lyst å delta på Give Awayen kan du vinne
denne "godteposen" frå Oriflame;


Milk&Honey soap
Feet Up Foot Cream
Cherry Orchard Shower Gel
Silk Beauty for sensitive skin Body Cream
Activelle anti- perspirant deodorant
Tender Care Protecting Balm
Silk Beauty Hand Cream
Optifresh Tannkrem

Varene har ein verdi på ca 800 kr.
For å delta gjer du slik;

1 lodd = 1 kommentar
1 lodd = link til konkurransen på blogg/FB

Alle kan delta. 
Har du ikkje eigen blogg kan du kommentere som anonym,
 men husk å legge igjen epostadresse :)

Trekning 31.august.

Dette er vel noko du kunne tenkt deg? ;)

Lykke til!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 14. august 2013

Eit rotete barnerom..

..tyder på at eigaren bruker og liker rommet sitt. 
Slik tolker hvertfall eg det. Og når det for ein gongs skyld er ryddig, 
så må bloggemammaen fram med kameraet ;)
Sidan sist eg viste bilder herifrå har vi bytta ut hylla over leikekjøkenet. 
Den rosa er pensjonert og denne kvite er på plass. 
I tillegg har ho fått ny lyslenke frå Nille 
rundt vindauget :)
Og iløpet av denne fotoseansen hengte eg opp 
ei gammal kritttavle på veggen :)
Ha ein herleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)

mandag 12. august 2013

Klart for kunst

Her kjem nokre bilder av Ariel som lager kunst på den nye tavleveggen.
Det vart raskt populært for liten og stor :)
Ha ei god ny veke!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 11. august 2013

Kopper frå Ment

Ikkje berre var eg heldig å vinne Nib- utfordringa Sommer på Jorda; 
eg vann også ein superfin premieFor ei stund sidan
 fekk eg 6 kopper og 6 skeier frå finaste
Ment i posten.
Eg liker koppane kjempegodt. Enkel, men lekker design. 
Gode å holde i, og fine farger. 
Nice rett og slett! 
 Har du sjekka ut nettbutikken til Ment
Utruleg mykje fint, og dei designer og lager alt sjølve på Fåberg nærheten
av LillehammerEg fallt spesielt for etasjefata 
og dei supersøte skålene
Ta ein titt her!
Ha ein flott søndag!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 9. august 2013

Tavlevegg i gangen

Eg liker å stramme opp alle dei søte pastellane med svart her og der. 
Og fekk plutseleg ein dag for meg at ein tavlevegg i gangen hadde vore skikkeleg kult. Måling vart innkjøpt med det same. Og eg tok siste strøket igår. 
Eg vart litt skeptisk undervegs. Blir dette "too much"?
 Come to the darkside, we have cookies
..liksom ;)
Men eg har bestemt meg for at eg liker det. 
Og ikkje minst blir det moro for jentene å utfolde seg der;) 
Målinga må herde litt før kunstnerane slepp til med kritta sine ;)
Skapet i gangen er forresten "nytt" også. 
Det er eit garderobeskap i furu, som foreldra mine skulle kaste. 
Litt forarbeid og nokre strøk med Jadeite frå Fargerike, 
så passa skapet fint i vår gang :)
Eg har forresten somla meg inn på Instagram dei siste dagane. 
Du finn meg som Husetvedfjorden ;)

Ha ei strålande helg!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 7. august 2013

Ny lampe og herbarium

Eg har vore så heldig å ha fått meg ei ny lampe
Den er av merket Bloomingville, og eg har sikla etter den lenge! 
Så då eg fekk spørsmål om eg ville teste ut eit produkt hos 
Design Belysning AS var valget lett ;)

Lampa finn du saman med mange andre lekre lamper hos
 nettbutikken Design Belysning AS.  Dei er ein av Norges største leverandører på heimebelysning og tilbehør på nett. Og fører merker som Bloomingville, 
House Doctor, Kartell, Northernlightning og mange fleire.
Ta gjerne ein titt her!
Eg driv å "piffer" opp gjesterommet
Men det er fortsatt litt i planleggingsfasen. Egentleg treng heile rommet oppussing. 
Men enn så lenge får det holde med ein liten "makeover"
Lampa har fått plass her ilag med sider frå 
Mamma sitt Herbarium.
På vårt soverom heng sider frå Pappa sitt herbarium. 
Eg synast dei er så dekorative. Eg tipper foreldra mine ikkje hadde ein villaste ide 
når dei i sin barndom pliktoppfyllande pressa blomster i oppgave
 frå læraren, at dei skulle henge på veggen i dottera 
sitt hus fleire tiår seinare ;)
Hekleteppe frå Kid, strikka pute frå Cosy Concept, Lampe frå Design Belysning , kopp og skei frå Ment.

Ha ein super onsdag!

Klem frå Bjørg :-)

mandag 5. august 2013

I Boligdrøm

I april var søtaste Nib- Solveig på besøk hos meg. 
Resultatet av det besøket kan du sjå i magasinet Boligdrøm,
 som kom ut med nytt nummer i butikkhyllene idag. Der finn du nemleg
 9 sider frå huset vårt! Det er veldig rart å sjå heimen
 vår på trykk, men også veldig moro!
Ein liten draum er gått i oppfyllelse ;)

Ha ein fin mandag!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 4. august 2013

NIB- utfordring August- Er du en Stuepike?

Eg liker haust i stova kjempegodt
Det er så kosleg å kunne tulle seg inn i eit pledd, tenne stearinlys og berre kose seg. 
Gjerne med handarbeid eller lesestoff lett tilgjengeleg. Interiøret
 her i huset forandrer seg i takt med årstidene. 
Pastellane er her alltid, men tilbehøret
 blir meir lunt om hausten. 
Dei fargeglade putene og retrodynene i sofaen blir bytta ut med 
naturmaterialer i lin og ull. Til denne hausten har eg kjøpt eit nydeleg grått
 hekla teppe hos Kid. Og puta eg har laga av ullstrikkejakka som 
Besta brukte, blir tatt fram igjen.

På siste skattejakt hos Pappa fann eg denne flotte og gamle trekassa med stempel på.
Denne skal få hjul på så snart som eg får tak i. Den er perfekt som oppbevaring
 til mine (altfor) mange interiørblad! Eg liker varmen det slitte treverket 
tilfører i heimen vår. Det blir nok fleire slike
 innslag iløpet av hausten:)
Eg kjenner eg gleder meg til hausten verkeleg kjem. 
Det er mørkt ute, vi fyrer i peisen og krøller oss saman under eit teppe i sofaen!
Eg gleder meg til den friske og klare haustlufta ute. 
Til å gå tur, plukke epler og lage eplekake.
 Og det nærmer seg haust og kvardag her i huset. 
Første tegnet på det er at imorgon er det barnehagestart
For begge jentene. Vår vesle Hermine sin første dagOg veka etter starter
 jobbkvardagen for meg igjen. Nye tiderSpennande!

Dette er mitt bidrag til NIB si utfordring; Er du en Stuepike? 
For meir haustinspirasjon kan du trykke her!

Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 2. august 2013

Ha ei flott helg!

Eg har fortsatt dilla på skodder
Og no har trillingen til skoddene eg har i TV-stova blitt blå 
og fått opphold på uteplassen :)
I går fekk eg endeleg sjå resultatet etter NIB- Solveig sitt besøk hos meg i april. 
Eg vart kjempefornøgd med resultatet. Her snakker vi flink dame altså! 
Meir om det på mandag, for då kjem 
Boligdrøm i bladhyllene ;)

Ha ei strålande helg!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 1. august 2013

Den heldige vinnaren..

...av eit sengeteppe sponsa av Jotex er;

Lodd nr 37

Gratulerer til
Hege 
heg-a(ætt)online(dott)no

Du får snart ein epost frå meg ;)

Heldige Hege fekk det siste av desse fine sengeteppene, for dei er dessverre utsolgt. 
Men sjekk ut Jotex likevel. Utruleg mykje flott til fine priser. 
Du kjem til nettbutikken her!

Ha ein super torsdag kveld!


Klem frå Bjørg :-)

Trekning i kveld..

..av dette nydelege sengeteppet til dobbeltseng.
du har fortsatt nokre timer på deg ;)

Klem frå Bjørg :-)
Related Posts with Thumbnails