fredag 30. november 2012

Kalender :)

24 pakker ligger klare for ei spent lita frøken :) 
Sidan ho ikkje skjønner heilt det at ein ikkje kan opne alle pakkane på ein gong, 
så får ho ein pakke kvar morgon i julesokken sin istaden. 
Og den er det "nissen" som har lagt der ;)

 Hermine må vente til neste år før ho får pakkekalender. 
Så då blir det 48 pakker å kjøpe, og ikkje minst pakke inn. Men eg koser meg med det. 
Og omtrent alle pakkane inneheld saker og ting som ho uansett hadde fått. 
Og når ein kjøper over tid, så følest det ikkje så dyrt ;)

Lager du pakkekalender?

Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 29. november 2012

På 1-2-3..

..vart ramma på veggen julefin ;)

 Eg klistra rett og slett på dekorteip frå Panduro. 
Superenkelt, men eg synast det gav ein fin effekt. Når jula skal ut er det berre 
å rive den av ;) Bildet er av Hermine. Jenta vår er allereie 
over 5 mnd. Tida går så altfor fort!

Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 27. november 2012

Ingen jul uten..

..svibler!
Eg har vore å kjøpt ein del av dei med kvite og raude blomster. 
Men heilt ærleg synast eg dei er finast før dei blomstrer! 
Så eg må nok ha fleire før jul :)

Eg har planta sviblane i kopper og kar eg hadde for handa. 
Nokre med mose på toppen, andre med kongler. Heilt enkelt, men dekorativt. 
Akkurat slik eg liker det :)

Den raude gamle stolen min er også komt ned i varmen. Den blir nok fotografert
 ein del no fram mot jul! ;) Til jul er raudt eit "must"
ellers i året er det ein farge eg bruker lite.


Sviblane skal plasserast litt rundt omkring, når eg er klar for julepynting. 
Enn så lenge pynter dei opp på kjøkenbordet :)

Ha ein fin tysdag!

Klem frå Bjørg :-)

mandag 26. november 2012

It's beginning to look a lot like..

..cristmas!
Eg er ihvertfall godt i gong med vasking, 
og pynten som er ny dette året er plassert her og der.
Det er like spennande kvart år å hente alle kassene med julepynt ned frå loftet. 
Det dukker alltid opp noko eg har gløymt eg hadde ;) 
Men først skal det vaskast ferdig, så kan 
moroa begynne :)

 Denne jumbokoppen kjøpte eg på Bohus. 
Her har eg festa eit stearinlys med kitt og tatt mose rundt. 
Ein enkel dekorasjon som pynter opp til jul :)

 Dette er den første jula vi feirer uten Besta vår. 
Strikkejakka ho brukte mykje har eg sydd pute av. Den er blitt eit
 veldig kosleg minne etter henne.


Då får eg finne vaskebøtta og sette igong ;)

Ha ein fin dag!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 25. november 2012

Vinnerane!

Resultatet er klart etter ei spennande avstemming :) 
Takk til alle som har stemt, og ikkje minst takk til alle som har deltatt
 i utfordringa: Kreativ med Barn :)

Vinneren av...
er...



vinneren av...
er...


Vinneren av...
er..


Gratulerer så mykje! :)

 Kan de gje meg ein lyd på epostadressa:
 husetvedfjorden (ætt) hotmail.com

Eg håper denne utfordringa har gitt mykje inspirasjon til aktiviteter med barna. 
Her i huset har vi testa ut fleire av ideane. 
Og det er veldig moro! :)

Det ligg ein link til innlegget med alle bidraga på høgre side av bloggen. 
Slik at ein enkelt finn det igjen om en skulle trenge ideer :)

Tusen takk til goyAgoy og Kremmerhuset 
som har sponsa premiane! :)

Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)
(som er i vaskeogpyntetiljulmodus ;)

torsdag 22. november 2012

Ny lampe..

..ja, du leste riktig. 
Ei ny lampe er komt i heimen. Ikkje ei gammal funne på eit loft eller kjeller, men ei ny ;) Og grunnen til det er Camilla sine herlege gåvedryss. Der var eg nemleg
 så heldig 
å vinne eit gåvekort på kr.1000,- 

Valget fallt på ei mintgrøn lampe frå House Doctor
Og den var ein perfekt "match" til Fjordhuset ;)

Den har vandra litt rundt, vi får sjå kor den ender opp. 
Fin er den ihvertfall ;)



Ha ein super dag!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 20. november 2012

Finale: Kreativ med Barn

Dette har ikkje vore nokon enkel jobb! 
Det kom inn 28 bidrag i utfordringa Kreativ med Barn. 
Og når det i tillegg var fleire glimrande idear i same innlegget, så vart det mykje å velge mellom :) Eg anbefaler på det varmaste å ta ein tur å sjekke ut bidraga her! 
Det vart reine idebanken til aktiviteter med ungane det her. 
Tusen takk til alle som deltok! 

Eg er veldig glad for at det ikkje er eg som skal velge ut pall- plassane, 
for det er nemleg de leserane mine som skal ;)

Her kjem finalistane, 
sjekk ut linkane for heile framgangsmåten:)











Blir du inspirert? Det blir eg!
Du kan stemme på din favoritt fram til laurd 24.11 kl.21.00 :)


søndag 18. november 2012

Cookies

I dag baka eg og Ariel Cookies til søndags- kaffien. 
Desse er kjempegode, og dei pleier å vere ein av sortane eg baker til jul. 
Men eg må nok bake nye, for desse varer neppe så lenge ;)

Her kjem oppskrift om nokre er interressert i den;

525 gr mjøl
450 gr smør
135 gr melis
4 ts vaniljesukker
100 gr salte peanøtter
150 gr finhakka mørk sjokolade

Ha mjøl og hakka peanøtter i ein bolle, smuldre smøret oppi. 
Tilsett melis og vaniljesukker. Kna alt godt saman ilag med sjokoladen. 
Sett i kjøleskapet i minst en time. Kan godt stå over natta. Kjevle deigen ut til ein
 tjukkelse på 4-5 mm. Stikk ut med former (eg brukte eit glas) Steik på brett med
 bakepapir ved 200 grader til dei er gylne.

Ikkje noko slankemat akkurat, 
men veldig gode! :)

Husk at fristen for å 
delta i utfordringa mi går ut i morgon kl. 21.30 ;)

Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 16. november 2012

G L A D :)

Ein ganske så grå og trasig dag (med sjuk Ariel og lite nattesøvn)
vart veldig mykje bedre etter at eg kikka innom finalistane hos NIB si utfordring
 denne månaden :) For der var bildet mitt! 
TAKK! ;)

Eg har ingen tru på pall-plass på meg, for her er fantastisk mange fine bilder! 
Men om du vil, blir eg kjempeglad for stemma di :) 

Ha ei super helg!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 14. november 2012

Frå brunt til...

...grått!
Husker de eg skreiv om store planer om å måle spisebordet vårt for litt sidan?
 Målinga var innkjøpt, men det tok nokre veker å psyke seg opp til å gjere jobben gitt ;)
 Men no er det altså gjort, og eg blir meir og meir
 fornøgd med resultatet :)

Fargen heiter Tåkedis S3000-N 9930, og er kjempefin! 
Gråfargen passer mykje bedre inn hos oss enn den opprinnelege brune.
Det var verdt jobben synast eg :)

Bordet vaska eg først med salmiakk, 
så gjekk eg over med pussepapir og deretter vaska eg igjen. 
Så grunna eg med heftgrunn 1 strøk. Deretter måla eg 2 strøk på understellet
 og 6 (!) strøk på bordplata med Lady Supreme Finish (glans 40) 
Eg gjekk over å pussa litt imellom strøka for å 
få ein glatt finish.





Kva synast du? Bedre før eller etter? :)

Ha ein fin onsdag kveld!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 13. november 2012

Premier/utfordringa: Kreativ med Barn

Dei to som får flest stemmer i utfordringa mi; Kreativ med Barn,
 stikk av med kvart sitt av desse supre hobbysetta. I den eine skal du bygge ein robot og måle den. I det andre finn du staffeli og måling for ein liten kunstner.
 Og sjølve boksane er jo superfine :) 
Me like! 


Desse premiane er ferske nyheter og sponsa av Kremmerhusetsom er 
kjent og elska av mange ;) Men visste du at du også kan handle
 frå Kremmerhuset i egen nettbutikkTrykk på linken 
under her, så kanskje du får gjort
 unna ei julegåve eller to 
allereie ikveld ;)



Utfordringa mi blir avslutta mandag 19.11
 og dei 10 finalistane blir presentert i løpet av same veke. 
Dette blir spennande! ;) 

Har du lyst å delta? 
Eller kanskje du er på jakt etter 
inspirasjon til koslege og kreative aktiviteter du kan gjere
 saman med barn?

 Trykk på linken her!


Klem frå Bjørg :-)

mandag 12. november 2012

Premie/Utfordringa: Kreativ med Barn

Det er komt inn utruleg mange fine og inspirerande
 bidrag til utfordringa mi; Kreativ med Barn. Tusen takk for all skaperglede som de vil dele! Det er fortsatt ei veke igjen til utfordringa er avslutta, så det er berre å
 slenge seg med. For å bli med eller bli inspirert, 
kan du trykke her!

Eg får den vanskelege jobben med å plukke ut 10 finalister som de skal stemme på. 
Dei 3 bidraga som får flest stemmer får fin- fine premier.  Ein av premiane 
du kan vinne er dette settet med fingerdukker som du kan lage sjølv. 
Perfekt for kreative unger og voksne ;) 
Settet er sponsa av 

goyAgoy.no er ein relativt ny nettbutikk som eg oppdaga for litt sidan. 
Her finn du i hovedsak leiker og babyutstyr. 
Eg vart raskt imponert over; 

- Godt utvalg av kvalitetsleiker -
 - Fornuftige priser - 
- Ein fraktpris på berre kr. 49,- 
- Oversiktleg og fin nettbutikk -
- God service - 

Her er det mykje moro for unger. Kva med å starte julehandelen her? 
Hos Goyagoy har du bytterett på julegåver ut januar 2013 :)
No før advent er der også ein egen kalendergåve-
 kategori med mange gode ideer. 
Og det passer ihvertfall
 meg flott :)

Sjekk ut FB- sida her!
Du kjem til butikken ved å trykke her!


I morgon skal eg presentere dei 2 andre premiane. 
Desse er frå Kremmerhuset :)

Og no håper eg at 
du vil delta på utfordringa mi? ;)

Klem frå Bjørg :-)
Related Posts with Thumbnails