torsdag 27. oktober 2011

Forkle

Sidan Ariel synast det er så kjekt med baking, har eg sydd ho eit forkle
Med inspirasjon frå Kaspara og Dottie Angel, men med eigen vri, 
vart dette til :)


Det er sydd av stoff frå Stoff og Stil og gamle og nye sengetrekk. 
Til knyting rundt hals og midje har eg rett og slett brukt eit bredt silkeband.
Forkleet har fått blondekant til pynt nederst.


Så no gjeld det berre å få til ei bakeøkt
slik at det blir tatt i bruk :)


Eg ønsker deg som titter innom ein strålande dag!

Klem frå Bjørg :-)

PS; Eg får visst aldri rota meg til å lage eit innlegg om korleis å sy konvoluttopning 
på puter. Så difor legg eg ved denne linken til Den Gode Feen sin framgongsmåte. 
Linda er jo reine eksperten på området:)
Lykke til ;)

søndag 23. oktober 2011

Fin søndag til deg!

Søndag er ein fin dag! 
I dag skal vi i bursdag-selskap og så blir det avslapning.


Dei første mandarinene av året er komt i hus. Mmm, lukta når du skreller
 og sjølve smaken er fantastisk
Det oser av jul! ;)


Ellers går alt i slow motion her i huset. 
Eg har fått begynt på adventskalenderen til Ariel. Her er ein smakebit;
(det er vel egentleg ikkje ein smakebit, sidan dette er dei to eg har produsert.
 Godt det er ein mnd igjen ;)


Ha ein flott søndag!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 19. oktober 2011

Snart jul?

Ja, det er det! I allefall i mitt hovud, der er det mykje juletankar på gong. 
Det er jo snart november, og etter det kjem desember. 
Og då er det jo jul? ;)


dag har eg tatt fram julestoffa mine. 
Nokre nye av året, andre frå ifjor. Viss energien held seg til ikveld skal eg 
begynne å sy adventskalender til Ariel. Den første adventskalenderen hennar. 
I fjor var ho for lita til å skjønne kva det var :)
Eg gleder meg!


Som de ser er jula raud for meg. Raudt er ein lite brukt farge i Fjordhuset. 
Difor er det ekstra kosleg til jul, då er det raudt
 i kvar ei krå ;)


Denne juleboksen fann eg på loppemarked i sommar. 
Superfin, synast eg ;) Tenk at Mamma faktisk måtte overtale
 meg til å kjøpe den!!

Kva med deg
Er du begynt å tenke juletankar, 
eller er dette aaaaaltfor
 tidleg? ;)

Ha ein flott onsdag!

Klem frå Bjørg :-)

PS; premiane frå Give Awayen blir posta idag. 
Ting Tar Tid her i huset, beklager ;)

torsdag 13. oktober 2011

DIY; Rammer

Slike rammer (som består av fleire små og står tett saman og delvis opp-på kvarandre) er å sjå i mange
 interiørbutikker for tida. Eg liker så godt slike, og tenkte at dette
 kan eg kanskje lage sjølv?


Som tenkt så gjort. Eg dukka ned i lageret mitt av rammer (jepp, det er mange ;) Eg velgte meg ut nokre, og starta å måle på desse. Det vart turkis, rosa og gult ;)
Kantane pussa eg slik at det fekk 
ein slitt effekt.

Så var det å lime saman rammene. Eg brukte universal-lim og limte dei kant i kant 
(rammene eg har brukt er lette) Rammene eg skal ha på toppen er ikkje limt endå, 
eg må først ha bilder inn i, sidan det ikkje går
 å opne desse etterpå ;)


Så snart bilder er på plass og alt er limt skal den nye ramma
 på veggen i gangen. Bilder kjem :)

Beklager at eg var så hemmelighetsfull i forrige innlegg. 
Og det er rett at det kjem ei reportasje frå Fjordhuset snart. Men det er ikkje i eit blad som nokon trudde. Det er nok "berre" ei lokalavis (fylkesdekkande denne gongen ;) 
Men det er jammen stort nok for meg! ;) 

Ha ein strålande torsdag!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 12. oktober 2011

Ha ein fin onsdag!

Det var ekstra godt å synke ned i sofaen ikveld. 
Eg har hatt fri idag, men Fjordhuset har hatt spennande besøk ;)

Dette kjem eg sjølvsagt tilbake til seinare ;)
 Eg er spent! :)


Ha ein fin- fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

mandag 10. oktober 2011

Ny lampe med ironlak

Eg har utfolda meg ein del med dei nye sprayane mine frå KEM. 
Fin- fine farger, om du ikkje har gjort det før så sjekk ut nettbutikken her! 
(nei, eg er ikkje sponsa, berre overbegeistra ;) Eg har ei golvlampe som har vore litt anonym og kjedeleg. 
Men veldig grei som leselys. Etter å ha fundert nokre minutt bar det i kjelleren med
 lampa og den blå sprayen. Dagen etter hadde vi 
ny lampe i stova :)


Det gjekk så fort i svingane at eg gløymde å ta før- bilde. 
Den var opprinneleg tinn- farga. Så det er ikkje så vanskeleg å tenke seg til.
Heilt grei å sjå på, men eg er jo veldig glad i desse pastell- fargane då veit de ;)
No synast eg den vart eit fint blikkfang.


Legg merke til den søtaste luringen min i 
bakgrunnen her ;)


Nesten som eg høyrde ho tenkte; 
"No driv Mamma å tek bilder igjen!" Så kjedeleg... Her må vi få litt action ;)"



Putene vart raskt kasta på golvet. 
Etterfulgt av frydefull hvining og orda; hoppe, hoppe, hoppe!!!:)
Så då var det berre for mammaen å legge vekk kameraet og vere med på leiken ;) 
(Dvs eg hoppa ikkje i sofaen altså, det klarte ho fint sjølv ;)

Ha ein flott mandag, og god ny veke til deg!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 9. oktober 2011

Eplemuffins + vinnerane ;)

Det vart ikkje tid til så mykje matlaging med epler som eg hadde tenkt i helga;) 
Men eplemuffins fekk eg ordna. Ariel er begynt å interessere seg veldig når eg bruker Kitchen Aid'en. Då kjem ho dragande med ein stol, og klatrer opp. Ho har vel erfaring med at her kan
 det bli "nammenam" ;) Her kjem oppskrifta om nokre er interressert. 
Eg husker ikkje kor eg fann den dessverre..


Eplemuffins (ca 15 stk)

100 gr smør
2 stk store epler
1ts kanel
2 stk egg
1,5 dl sukker
2,5 dl kveitemjøl
1ts bakepulver


Sett på ovnen til 225 grader
Smelt smør og sett til avkjøling
Skrell og del eplene i småbiter
Vend eplene i kanel
Visp saman sukker og egg,
tilsett mjøl og bakepulver
Til slutt har du i smøret og eplene


Ariel anbefaler å smake på røra ;)
Steikast midt i ovnen ved 225 grader i 10 min.


Serverast varm og med ein dæsj is. 
Velbekomme ;)

I dag skal eg trekke vinnerane i min Give Away, der eg feirer 500 følgera :) 
Eg har fått så mange fine kommentarer, som eg er så glad for!! Tusen takk! Nesten så eg får lyst å sy eit putetrekk til alle saman. Men 108 putetrekk blir nok 
kanskje litt for mykje arbeid, dessverre! 

Blant kommentarane trekte eg ut:
- Gratulerer du kan velge det putetrekket du liker best.

Blant følgerane trekte eg ut;
-Gratulerer, du får det andre putetrekket.


Det hadde vore fint om de kan sende meg ein epost med adresse til
Her kan de sjå putetrekka som er premiane :)
Tusen takk til alle som har deltatt. 
You make me happy! ;)

Ha ein fin søndag!

Klem frå Bjørg :-)

lørdag 8. oktober 2011

Minner om...

...Give Awayen min som trekkast imorgon. 
For å sjå premie og melde deg på kan du trykke her! :)


Tusen takk for alle gode epletips.
 Eg har ikkje fått tid å teste ut noko endå. Så det blir ein matglad søndag ;)

Ha ein fin laurdags kveld!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 7. oktober 2011

Epler :)

Vi var så heldige å få ein stor pose med epler av våre snille naboer. 
Tusen takk!:) Så denne helga skal det sjølvsagt bakast 
eplekaker og eplemuffins.
Nam :)


Kanskje eg skal gå litt utanfor det "tradisjonelle", og prøve meg på epler
 til middagen og? Det har eg aldri prøvd før..


Etter nokre trykk på Google kom eg fram til mange fristande oppskrifter. 
Trykk på linkane, så finn de oppskriftene :) Nam, eg vart svolten ;)
Har du nokre gode middags-oppskrifter 
som inneheld epler?

Ein kan jo sjølvsagt ete dei heilt naturell slik som Ariel. 
Ho er heilt hekta på "hepler" som ho seier, og har tre-fire på gong samtidig
 rundt omkring i huset ;)


Ønsker deg som titter innom ei strålande helg!

Klem frå Bjørg :-)


PS; husk at Give Awayen min trekkast på søndag. 
Klikk her for å delta om du vil ;)

onsdag 5. oktober 2011

Dette kan du vinne..

Eg har vore såpass "vågal" at eg har sydd nokre putetrekk sjølv som kan vinnast i min
 Give Away. Eg er veldig spent på om dette fell i smak?:) Den som får kommentaren
 sin trekt ut får velge den puta den liker best. Den andre får den som blir trekt
 ut av mine flotte følgera.


Putetrekka er sydd i bomulls- stoff og har konvolutt- opning bak. 
Dei passer til innerputer med mål 45x45 cm.


Kunne du tenkt deg ein av desse putene? 
Då er det berre å ta eit lodd på denne linken. Alt du treng å gjere er å legge igjen nokre ord. Tusen takk til alle som allereie har meldt seg på. De skriv så fine ord at 
eg blir heilt rørt ;) Vinnarane blir trekt
 på søndag ;)


Ha ein super onsdag!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 4. oktober 2011

Gult på gjesterommet

Dette speilet var eit av mine funn på Bruktbutikken for litt sidan. 
Og med den gule sprayen frå KEM vart det ein fargeklatt
 på gjesterommet.

Før;

Etter;

Samtidig får de ein liten sniktitt på det minste gjesterommet i Fjordhuset. 
Dette rommet har vore prega av mildt sagt kaos. Men no er det 
begynt å kome seg, sjølv om 
mykje gjenstår ;)


Ha ein fin TV-kveld!

Klem frå Bjørg :-)

mandag 3. oktober 2011

Krakk Før&Etter

Først av alt tusen takk for alle kommentarer på forrige innlegg, 
eg må berre legge til at vi ikkje trengte å fyre i ovnen igår. Temperaturane har vore kjempefine denne helga. Men det var for kosen si skyld ;) Og det var ikkje lenge eg klarte
 å ligge på sofaen før eg "fauk" på 
denne krakken ;)


Det gjekk så fort i svingane at eg ikkje klarte å ta eit skikkeleg Før- bilde. 
Her er den demontert og bildet vart litt "groggy" ;)
Krakken har eg hatt liggande i fleire år, kjøpt
 brukt med tanke på oppussing.


Og slik vart den. Beina har eg måla kvite. Og setet har fått trekk av
 yndlings- stoffet mitt. Som er frå eit gammalt sengesett. Eg brukte eit anna meir
 slitesterkt stoff under slik at det ikkje går 
så lett hol i det :)


Og som de ser står pissepotta framleis på skapet mitt ;) 
Hehe. Eg måtte le godt når eg leste kommentarane som fortalte meg at det var nettopp
 ei gammal pissepotte ;) Men då er det jo ekstra grøderikt for planten som 
står opp i, eller? Den skal hvertfall 
få stå slik. For potta 
er fin den ;)


Eg deltar forresten i månedens tapet- konkurranse hos NIB med dette innlegget. 
For masse lekker tapet-inspirasjon, eller delta 
sjølv klikk her!

Ønsker deg ein super mandag!

Klem frå Bjørg :-)

Det er fortsatt mange lodd igjen i min Give Away. 
Premiane blir avslørt veldig snart!;) Trykk her om du vil delta
 med ein liten kommentar ;)

søndag 2. oktober 2011

Stemningsrapport :)


Avslapning i sofaen med fyr i peisen og te i koppen er perfekt avslutning på ei fin helg!
 Det har vore litt lite aktivitet på bloggen hos meg i det siste. 
Håper på å få den opp neste veke ;)

God ny veke til deg!

Klem frå Bjørg :-)
PS! Husk å ta lodd i min Give Away. link oppe til høgre!
Related Posts with Thumbnails