tirsdag 31. mai 2011

Eg ♥ Tilda

Det kjem nok ikkje som ei bombe på nokon at eg digger Tilda! ;) 
Figurane, fargane, rosene, prikkane....
ja, alt fell i smak.


Difor var forventningane store til den nye boka "Tildas Atelier",
 som kom ut no nyleg. Og boka innfridde
 så absolutt! :)

Eg har brukt eitpar kveldar der eg har kosa meg stort med boka. 
Den har nydelege interiørbilder. Slike som gjer meg inspirasjon i lassevis!
Kort oppsummert er boka ein fargeeksplosjon. Flotte Tilda-produkt blanda med 
gamle møbler og nyare ting.  it ;)

Du kan sjekke ut heimesida til Tilda her, for endå meir inspirasjon.

Tilda- englane har eg aldri prøvd meg på å sy. 
Men no trur eg jammen eg skal prøve. Når eg får tid, ein gong ;)

Ha ein flott tysdagkveld!

Klem frå Bjørg :-)

PS; husk å melde deg på Give Away som trekkast søndag. 
Du kan vinne flott premie frå Din Kjøkkenkrok. Link finn du her :)

mandag 30. mai 2011

Gåvedryss! :)

Besøket på bloggen nærmer seg (for meg) svimlande 100 000 besøk. 
Og det er utruleg moro! Eg husker godt når eg starta å blogge i februar ifjor kor glad eg var for kvar einaste følgar og besøk eg fekk. Jubelen var stor i heimen når eg etter eitpar 
veker hadde 10 besøkande kvar dag ;) Besøkstalet og følgerane mine har auka jamnt
 og no er ca 300 innom kvar dag, og eg har runda 400 fantastiske følgera.  
Eg er utruleg takknemleg, det er du som 
gjer det verdt å blogge :)
Så no er det på tide å gje noko tilbake til de som er så snille at de besøker 
Huset ved Fjorden og til de som gjer meg slike søte tilbakemeldingar! 
Tusen takk!:))

Eg har vore så heldig å få nokre flotte sponsorer 
som vil gje vekk supre gåver i min Give Away. Først ut er den fine nettbutikken 


Her finn du mykje lekkert til kjøkenet. Eg har allereie latt meg friste ;) 

Sjekk ut nettbutikken her!
Bloggen her!
Facebook her!


Veldig greit å følge med på
 både blogg og facebook for å få med seg nye varer og gode tilbod ;)

Det du kan vinne er dette;

Ein lekker gryteklut + kjøkenhandkle :)


Det einaste du treng å gjere er å legge igjen ein kommentar under dette innlegget. 
De som ikkje har blogg kan velge anonym i kommentarfeltet. 
Husk å legge igjen epost-adresse slik at eg får tak i deg :)
Om du har lyst å linke blir eg kjempeglad! 
(bruk det øverste bildet i innlegget ;)

Vinneren blir trekt neste søndag (5.juni) 
Og då kjem det også ny sjanse å vinne ein flott premie :)

Lykke til!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 27. mai 2011

BoligPluss og Frankrike!

Eg hår fått nokre overaskelser angåande bloggen i det siste. 
Først kom ein krakk eg pussa opp ifjor på tips-sidene i nyaste BoligPluss, 
noko som er kjempestas! :)


Eg pleier å følge litt med på statistikken på bloggen.
Spesielt kjekt er å sjå kor leserane kjem frå. Her om dagen såg eg at det kom ein del lesera frå ei Fransk nettside. Eg sjekka ut sida og fann eit heilt innlegg frå kjøkenet vårt! 
Du kan lese det herHeilt rart og sprøtt. No håper eg det står positive ting der. 
I følge google translator ser det bra ut, 
men den kan jo oversette
 litt dårleg!?


Bildene var gjengitt uten min tillatelse, 
men det var godt linka tilbake. Så då velger eg å godta det. Blir jo litt stolt og ;)
Kva synast de andre om slik kopiering?

Ha ei super helg!

Klem frå Bjørg :-)

PS; på søndag blir det Give Away feiring :)

torsdag 26. mai 2011

Gammal Flora

For litt sidan etterlyste eg gamle plansjer og floraer her på bloggen. 
Eg fekk nokre gode tips, som eg skal følge neste gong ;) For det eg gjorde var å kjøpe 
ein gammal flora på finn.no. Uten å ha sett bilder eller noko, men fekk beskjed om at det var blomster-teikningar i den. Eg vart litt skuffa når den kom. Den var ikkje heilt slik
 eg hadde sett det for meg;


Men det var jo litt fint likevel?
Kleklypene vart pastellfarga og prikkete ein kveld eg kjeda meg, 
mangt ein skal finne på ;)

Ha ein fin kveld!
Eg skal fortsette å pleie hovudet mitt, 
som er begynt å kome seg etter dundrande hodepine! :/

Klem frå Bjørg  :-)

onsdag 25. mai 2011

Familiebilde- Vegg ♥

Det gjekk ikkje lenge før det vart forandring i denne kroken igjen ;) 
Eg trur det har med å gjere at det er hit eg har utsikt frå sofaen! Og då popper nye ideer fram heile tida :) (kan vere litt travelt opp i mitt lille hode ;)


Eg har lenge følt at vi mangler ein bildevegg. Før har vi hatt litt bilder her og der, 
men det finaste er å samle alle på ein stad, synast eg. Så begynte eg å tenke på nokre gullrammer som vi hadde liggande. Og plutseleg låg rammene
 på bordet og like etter vart dei pastell- grøne.



Eg skreiv ut nokre bilder av oss 3 som eg liker godt. 
For å få eit "roleg" inntrykk gjorde eg dei om til svart/kvitt.
Det er enkelt å skifte ut bildene om eg skulle få nokre andre "favorittbilder" seinare :)


Eg håper du har ein strålande dag!

Klem frå Bjørg :-)

mandag 23. mai 2011

Fin oppbevaring :)

Med papir- rullane eg viste i forrige innlegg har eg dekorert esker.
 Kjekke å ha til oppbevaring, og det får ein jo aldri nok av. Samtidig så vart dei 
fargeklattar i interiøret :)


Denne gongen har eg brukt esker bestilt frå Panduro, 
men ein kan like gjerne bruke for eksempel sko- esker. Den rosa boksen har eg "tapetsert" 
med gåvepapir (brukte limstift) og lokket måla eg grønt. Labelen foran hadde eg i scrappesakene mine (denne er også måla grøn)


Eska med muffins på, der er lokket "tapetsert" med eit scrappeark,
 boksen har sin opprinnelege farge. Og denne har også fått ein label på. Denne blir fin å oppbevare muffins- formene mine i :)


Det vesle bordet eg har styla eskene på vart også utsatt for papir i si tid ;) 
Denne har fått scrappeark med decoupage lakk over og under.


Den største boksen er ein Tilda- boks. 
Eg frykter at eg er blitt hardt angrepen av eske- dilla! ;)
Men oppbevaring er vel ikkje det verste å utstyre heimen sin med?


Eg ønsker deg ein strålande dag!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 22. mai 2011

Eg ♥ Papir

Papirsamlinga mi blir stadig større. 
Etter ei bestilling frå Panduro har denne korga med gåvepapir og
 tapetprøver fått besøk av nokre Tilda-ruller.


Gåvepapiret frå Panduro er av god kvalitet. 
Og det er mange lekre design å velge blant. Når rullen er på 10 meter og koster 59 kr, 
synast eg at det er ein fin pris.

(obs! Gåvepapiret øverst til høgre er frå Åhlens)

Og det er veldig kjekt å ha litt utval i papir, ikkje berre til å pakke inn gåver. 
Det kan brukast til så mykje anna og. Eg har drive med litt papirhobby i det siste. 
Det kjem snart på  bloggen ;)

Tellaren på bloggen tikkar trufast mot 100 000 besøk. 
Heilt utruleg! Og det må jo feirast!! 
Følg med, følg med ;)

Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 20. mai 2011

TTT

For ei stund sidan skreiv eg om at eg hadde store planer for Ariel sitt rom. 
Status er; framleis mange planer, i praksis; lite framgong. Problemet er at eg er ei kløne med verktøy, og her må det brukast. Og mannen har meir enn nok å ta seg til rundt huset. 
Så her må ein smøre seg med tålmodighet, 
om ein berre hadde ein
 dose av det ;)

Nokre småglimt kan eg likevel vise fram;


To be continued...ein eller annan gong ;)

Ha ein flott fredag!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 19. mai 2011

Dilla på Lilla ;)

Eg har allereie hatt 'dilla på lilla' ei stund. 
I følge Nib er dette ein hot sommerfarge, og dei vil gjerne sjå korleis 
vi bruker fargen lilla i heimen. 
Her er mitt bidrag;


Denne vesle kommoden var det første møbelet som  vart utsatt for målekosten,
 og fargen Lavender. Og eg vart forelska ved første blikk ;) 
Etterkvart fann fleire lilla småmøbler -og ting 
sin plass i Fjordhuset.


Ein krakk...


Ei korktavle...


Ei ramme...


Og meir lilla blir det nok ;)
For herleg lilla inspirasjon, trykk her!

Ha ein super torsdag kveld!

Klem frå Bjørg :-)
PS; beklager gjenbruk av "gamle" bilder. Lover å vise 
noko nytt om ikkje lenge ;)

onsdag 18. mai 2011

Ein fin 17.mai :)

Kaldt og skiftande ver hindra ikkje ein flott 17.mai- feiring igår. 
Tradisjonen tru vart det tog, koldtbord, underholdning, is og pølse på idrettsplassen. 
Etterpå hadde vi kaffi og kaker hos oss. Bunaden vart droppa til fordel for sommerkjole. 
Så slapp eg å finne ut at bunaden er blitt endå litt trangare iår ;) Ariel storkosa seg 
med is, noko som viste godt igjen på den etterkvart så flekkete kjolen ;)
Alt i alt ein fin dag :)

Korleis var din 17.mai?

Klem frå Bjørg :-)

mandag 16. mai 2011

Ha ein strålande 17.mai :)

Innom for å ønske alle ein strålande fin
 17. mai imorgon! 


Bildet er frå ifjor, 
og viser ei lita Ariel i heimesydd kjole!

Kos dokke!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 15. mai 2011

Nydeleg med blomstrande epletre!

Eple- trea blomstrer heilt nydeleg ute. 
Så eg tok med meg ei grein inn, og blanda den med rosa roser og nelliker
 og hadde i ein kvit mugge.

Eg håper alle har hatt ei kjekke helg!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 13. mai 2011

Stol Før&Etter

På grunn av problem hos Blogger har det forrige innlegget mitt forsvunne. 
Derfor legg eg ut ein ny kortversjon av innlegget idag ;)


Eg har henta fram nokre bambus- stoler som eg kjøpte på 
loppemarked ifjor sommar til den fine sum av 25 kr stk. Planen var å la dei vere som dei var. Sidan dei faktisk er veldig "inn" i tida. Men dei vart plassert i kjelleren, og grunnen er at eg ikkje fekk dei til å passe inn i Fjordhuset.

No er den eine måla kvit, og komen inn i varmen ;)

Før&Etter;


Hadde du måla stolen kvit?
Eg angrer ikkje! No vart den perfekt i interiøret, 
og bruker ikkje lagringsplass i kjelleren 
lenger ;)


Eg ønsker deg ei strålande helg!

Klem frå Bjørg :-)


Oppdatering; Det er mange som har lurt på kor putene er kjøpt. 
Putetrekket som har roser på er frå Spar Kjøp, og den kvite er kjøpt på 
Kid for eitpar år tilbake :)

torsdag 5. mai 2011

NIB Utfordring Mai- Festbord

Eg hiv meg med på utfordringa til NIB denne månaden og. 
Denne gongen er det Festbord som står i fokus. Det blir ein "gammal" reprise frå meg med bilder frå borddekkinga til Ariels dåp ifjor.


Bordet var enkelt dekka. Kvitt, rosa og sølv dominerte.
 Dessertskåler er brukt til telys. Og ei lyslenke frisker opp i midten. 
For anledninga fekk eg tak i dei nydelegaste rosene som er sett i kvitvinsglas.






Dette var mitt vesle bidrag. 
For flott inspirasjon til mai sine festbord. 
Trykk her!

Til slutt må eg berre ta med eit bilde av Dåpsbarnet, 
som no er blitt ein del større ;)



Ha ein flott kveld!

Klem frå Bjørg :-)
Related Posts with Thumbnails