lørdag 30. april 2011

Herleg dag!

I dag har vi kosa oss på besøk hos Ariel si Besta og Besten. 
Som sagt før; Å herlege tid ;)


Eg håper sola skin på deg!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 28. april 2011

Ein bukett..

...med kvitveis står i ein kopp og smiler til meg.


Dette må vere den beste tida i året. 
Sola skin, det blomstrer og det blir berre meir og meir grønt ute! 
Herleg!:)

Ha ein flott torsdag!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 26. april 2011

"Ny" klokke på 1-2-3 ;)

Mannen har hatt ei klokke liggande, 
som eg har klødd i fingrane etter å fornye litt. 
Og med hans tillatelse passer denne no mykje bedre inn i heimen.


Klokka var veldig vanleg og litt kjedeleg synast eg.
Her er før&etter bilder;


Eg demonterte den og måla ramma rundt med grønfarge (nope, eg blir aldri lei den fargen;) Sekundviserane klipte eg av. Og for å gje den noko ekstra, klipte 
eg ut ein runding av gåvepapir frå Åhlens 
(eg blir heller aldri lei rosemønster ;) 
som eg teipa fast i midten.


Resultatet vart eg mykje meir komfortabel med. Litt meir min stil kan du seie ;)
Og eg synast den vart eit blikkfang istaden for ein kjedleg sak. 
Eller kva synast du?


Den skal sjølvsagt på veggen. 
Men eg hadde ikkje tida til å finne den rette plassen før den
 måtte fotograferast ;)


Eg håper alle har hatt ein god start på kvardagen
 etter den herlege påskeferien!

Ha ein strålande kveld!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 24. april 2011

Jippi :)

Karmane og listene er på plass rundt vindaugene i stova. 
Og det er herleg etter altfor mange veker uten ;)
Tusen takk til snille broren som har brukt nokre 
timer av ferien sin for å ordne dette!


Den doble verandadøra er ikkje på plass endå, fordi den vi fekk
 var feil mål på. Men eg skal nok klare å vente litt lenger. 
Vi mangler jo tross alt verandaen og!
(nei, eg er langt i frå så tålmodig som 
det høyres ut ;)


Påska går mot slutten. Og det er kjipt, sidan eg fortsatt er i veldig feriemodus. 
Men det er jo berre 2 mnd igjen til sommerferie!!:)
Her gjeld det å fokusere på det positive.


Men det er jo greit å jobbe igjen og, 
kome tilbake til normalen..


..og kanskje begynne på eitpar 
av prosjekta som ligg på vent oppe i hovudet mitt ;)

Ha ein herleg 1. påskedag!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 22. april 2011

Ny Bok

Eg har kjøpt ei søt bok av Cath Kidston som heiter
 "Tips for Vintage Style". Det er eit lite hefte fullt av
 gode ideer og herlege bilder.


Den er fin å ha ved kjøkenbordet, for litt inspirasjon :) 
Eg trur Cath Kidston har skrive ei bok i større utgåve og som heiter "Vintage". 
Er det nokon som veit om dette? Evt har ein link der 
den er å få kjøpt?


Det grøne brettet med polkadotter er også nytt. 
Dette er kjøpt på Åhlens. Eg kjem ikkje over for ein fantastisk butikk dette er. 
Synd eg må reise så langt for å shoppe der.


I Fjordhuset har vi herlege påskedager. 
Vi har reist på besøk, og hatt besøk av venner og familie
I dag har det i tillegg vore fantastisk ver! 
Livet er flott!;)

Eg håper alle har ei super påske!

Klem frå Bjørg :-)


mandag 18. april 2011

Eg ♥ Roser

No er vi vel heime etter eit par dager kjærestetur. 
Det var herleg å sove på eit hotelrom med fantastisk utsikt
shoppe og ete på fin restaurant :)


Ariel har hatt det fint hos Besta og Besten. 
Ho har lært seg eit nytt ord mens vi var vekke. Nemleg namme (=snop ;) 
så vi skjønner kva dei har styrt med ;)

Det vart med litt nytt heim. 
Blant anna roser frå Plantasjen i herlege farger. 


Rosene er ganske enkelt plassert i eit norgesglas pynta 
med kakeserviett frå Ahlens (fantastisk butikk!!) og band frå panduro.


Eg nyter påskeferien, og no kom sola og!
Fantastisk!

Ha ein super kveld!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 15. april 2011

God Påske :)

Endeleg er det påskeferie, og roen senker seg ;) 
Ariel er frisk igjen, og har fått tilbake sitt gode humør. Ho skal kose seg med 
Besta og Besten eitpar dager, og eg og mannen skal ta oss
 ein etterlengta kjærestetur
Herleg! :)


For litt sidan vart eg kontakta av Foreldremanualen.no, dei lurte på om dei kunne ta med kommoden eg har pussa opp i eit innlegg. Og dette er jo stas, så eg svarte såklart ja ;) Innlegget kan du lese her!


Søtaste Jenny med bloggen Jennys fire vegger (klikk på linken og besøk den fine bloggen hennar) 
har velgt ut meg som ein av sine favorittblogger. Eg blir så rørt og glad!:) 
Dette skreiv ho;

Bjørg har en superinspirerende blogg. 
Fantastisk interiør og bilder som BØR studeres. 
Jeg er ikke spesielt glad i farger, men når jeg besøker Huset ved Fjorden 
blir jeg frelst. Hver gang.

Tusen, tusen takk snille Jenny. Det varmer mitt hjerte ;)
Eg har hatt eit innlegg om  mine bloggfavoritter før. Det kan du lese her.


Så vil eg ønske alle ei super helg! 
Og til de som skal ta påskeferie;

God Påske!:)

Eg er tilbake over helga! See you!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 14. april 2011

Klipp&Lim

Det er lenge sidan eg har kosa meg med papirhobby. 
Men her ein dag tok eg fram litt utstyr og kosa meg med heilt enkel klipp og lim
Eg laga papirvimpler av Tilda- papir.

Kjempeenkelt, men ganske søtt?  Desse vil bli fine til barnerommet.
Eg er veldig i barnerom- modus for tida. Har så mange planer for Ariel sitt rom. 
Eg er så vidt i gong, men treng litt meir utstyr. Så er eg igong for fullt
Gleder meg :)


Ønsker deg ein fin-fin torsdag kveld!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 13. april 2011

Leik

Når eg ser bilder i bloggen min, så ser alt så ryddig ut. 
Alle leikane er fjerna for fototaking. Men dette er jo ikkje realiteten, for som oftast 
er golvet fyllt av puter, pledd og mange leikar :) Eg viser nokre glimt idag. 
(sjølv om dette og ser litt meir organisert ut enn virkeligheten ;)
Jenta er heller ikkje så opplagt som på bildet (bildene er tatt for ei stund sidan) 
Stakkaren har øyrebetennelse og får no pensilin. No må vel
 dosen hennar for sjukdom
 vere over snart?!

Ha ein super onsdag!

Klem frå Bjørg :-)

mandag 11. april 2011

Sommerkjole

Det heile begynte med at 
eg skulle fotografere den nye søte sommerkjolen til Ariel frå H&M. 
Og det endte opp med ein ny ide ;) 


Skoddene som pleier å stå att med vindaugene i TV- stova,
 er tatt ned frå veggen pga foring og listing av dei nye vindaugene. 
Så eg plasserte den eine skodda i kroken ved tallerkenhylla, sånn inntil vidare.
Her hengte eg sommerkjolen. For å ta bilder.


Men når eg såg nærmare på det, så kledde jammen det denne kroken ei skodde. 
Og eg kom på den 3.skodda eg har som står umåla i roteboda. 


Kva synast du? Skal eg pusse opp den siste å la den få stå slik?
 For den på bildene skal tilbake til TV-stova når 
vindaugene er klar ;)


Eg beklager at det er dei same krokane som blir fotograferte og lagt ut 
gong etter gong for tida. Men det har den forklaring at vi mangler foringer og lister på 
nesten alle vindauge i heile huset. Og dette er 
ikkje så pent å legge ut;)


Eg håper du har ein nydeleg dag!

Klem frå Bjørg :-)

lørdag 9. april 2011

Kosekanin

Eg fekk eit innfall her ein kveld om at eg skulle prøve å sy ei kosekanin til Ariel. 
Så der satt eg å teikna mønster, sydde saman, stappa  og "broderte" ansikt. 
Resultatet var eg ikkje så voldsomt begeistra for. 
Den vart litt tynn og rar liksom ;) 

Men Ariel likte den så godt at den fekk vere med å sjå barne- TV dagen etter. 
Så då seier eg meg fornøgd ;)

Ha ein fin dag!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 7. april 2011

Bl✿mster og sånn..

Måtte berre vise dokke dei nye supersøte blomsterpottene mine i zink med hjerte på!
Dei er kjøpt hos butikken i bygda (Grete har mykje fint inne no, løp og kjøp;)
Måtte jo sjølvsagt ha nokre gule blomster i, 
sidan det snart er påske :)


Eg har plutseleg fått så vannvittig lyst på slike gamle botaniske trykk!
 Nokon som har tips til kor eg får tak i det?
Berre ha det ;)

Klem frå Bjørg :-)
(som også ønsker seg feberfri jente og vinduskarmer ;)

mandag 4. april 2011

BarneGyngestoL i ny FaRgE :)

For litt sidan fekk vi i hus ein barnegyngestol frå då eg søskena mine var små. 
Den var brun og ganske slitt. Eg fekk tillatelse til å
 svinge målekosten på den :)

Før&Etter;

Gyngestolen vart måla i den nydelege grønfargen Hammershøi igår kveld. 
Vannbasert måling er supert ;) Tørker raskt og lukter lite!
 Heilt fantastisk for utålmodige sjeler som meg :)


Skoddene i TV-stova har same grønfargen. 
Eg synast og at denne fargen er så fin til lilla :) Puta i stolen har eg sydd.
 Passeleg for ein søt liten gyngestol.


Ariel har testa den ut, 
og synast den var like god som før ;)


Eg vil gjerne ønske alle ein super dag!
Sjølv skal eg tilbringe kvelden 
på jobb ;)

Klem frå Bjørg :-)

søndag 3. april 2011

"nYe" eGgEgLaS ;)

Eg har sansen for raske makeovers ;) 
Sidan eg ikkje har fått tak i nye eggeglas til påske, 
fiksa eg rett og slett på dei eg hadde.

Før&Etter;


Eg sydde trekk som eg hadde rundt eggeglasa. 
Stoffa eg brukte er velkjente her på bloggen. Trur eg snart har ein heil 
kolleksjon med desse ;) Men eg blir glad av å sjå på dei, 
og klarer ikkje å gje meg ;)


Eg vart inspirert til å dekke eit påskebord,
når dei var ferdig sydde. Berre til ein denne gongen, sidan 
mannen er på jobb :)


Det er så herleg når sola danser inne i stova, 
og det gjennom nye vindauge ;) Snekkerane er ferdige utvendig 
(utenom ei veranda- dør som var feil mål på, måtte bestille ny..) No ventar eg tålmodig (?) på å få
 på plass igjen vinduskarmane og ;)



Ha ein strålande søndag!

Klem frå Bjørg :-)

Related Posts with Thumbnails