mandag 31. mai 2010

Ei settekasse til...

Då eg viste den forrige settekassa eg pussa opp, 
kom søstra mi med ei diger ei som ho hadde då vi vaks opp.
Og eg seie ikkje nei takk til det :)
Tusen takk Anne :)


Den har blitt liggande ei stund. 
Men på laurdag under Grand Prix
så fekk eg for meg at no skulle den målast. 
Eg har visst ikkje heilt ro i ræva 
til å sjå TV lenger.


Og kanskje på grunn av påvirkning av den rosa løperen på GP, 
eller faktaet om at eg er veldig glad i rosa. 
Ja, så vart den jammen meg rosa ;)


Sist brukte eg spray, 
men denne gongen tok eg penselen fatt. 
Tok meg heile Grand Prix (3t) så var den ferdig ;)


Eg har pynta dei fleste av hyllene med scrapbookpapir
Slik som eg gjorde med den forrige.


Rommet til Ariel er begynt å fylle seg opp 
av diverse prosjekt eg har hatt for meg. 
Og det før ho er eit halvt år. 
He he..korleis skal det ende? ;)


Eg håper berre inderleg at 
ho blir like glad i rosa som Mamma'en er ;)

♥♥♥

Ha ein strålande mandag! 
Håper sola skin på deg og, her blir det snart grilling :)



Klem frå Bjørg :-)

PS; husk å melde deg på Give Awayen min i innlegget under :)

søndag 30. mai 2010

♥ Give Away ♥ - vil du vere med?

Som nemnt tidlegare har eg lyst å feire bloggen min med ein 
Give Away.

Lite ante eg då eg 
starta bloggen 12.februar i år at dette skulle bli så moro
Og at eg skulle bli "kjent" med så mange 
kreative, snille og flotte damer 
som tok meg varmt imot!:)

Eg må innrømme at eg aldri hadde trudd at eg skulle få 10 000 besøk nokon gong, 
eller over 100 følgera for den saks skyld. 
Til og begynne med var eg sjeleglad,
 om det hadde vore nokon i det heile tatt innom sida mi på ein dag ;)

Så tusen, tusen takk for at de kjem på besøk. 
Og for at de legg igjen sånne koslege spor
Eg set utruleg stor pris på å få tilbakemeldingar på det eg driv med!:)

No håper eg de vil vere med å feire ;)


Eg kjem til å trekke 2 vinnerar
og 2 som får trøstepremie
Gevinstane lover eg blir fine
men for å behalde litt spenning held eg dei hemmelige ;)

Trekninga skjer søndag 27.juni.

♥♥♥

Slik tar du lodd;


1 lodd = kommentar under dette innlegget
2 lodd = kommentar + link til konkurransen (bruk bildet over ;)

Dei som ikkje har blogg kan kommentere som 
anonyme og legge igjen epost adresse, 
så er de og med, om de vil :)


♥♥♥

Då gjenstår det å ønske deg lykke til
og håper du får ein 
triveleg søndagskveld!



Klem frå Bjørg :-)

lørdag 29. mai 2010

In my dreams ;)

Eg er litt treig av meg, 
men har plutseleg bestemt meg for å vere med på utfordringa til NIB likevel. 
Eg bestemte meg etter ei "sikle"- runde på nettet, for 
desse 3 tinga ;)


www.bohus.no

Korgstoler står høgt på ønskelista
Eg har tråla bruktbutikken fleire gonger på jakt etter dei. 
Men det virker som om folk vil beholde dei sjølv. 
Irriterande ;)
Så no er alternativet å kjøpe 2 nye istaden. 
Eg vil helst ha kvite
Men to av desse med litt blomstrete puter i, vil fungere supert og :)



www.skeidar.no

Eg har lenge ønskt meg ein benk til kjøkkenet. 
Denne kan eg godt sjå for meg der. 
Kan og bruke den ute om sommaren. 
Den som hadde masse penger ;)


www.landromantikk.no

Eg har ein litt rar ting for radioer
Og denne som Cath Kidston har designa for Roberts Radio 
er jo berre midt i blinken. 
Nostalgisk radio med søtt rosemotiv? 
Det kan ikkje bli betre:)

Det var mine 3(realistiske) ønsker øverst på ønskelista (pr. idag ;) 
Kanskje min kjære ser dei? 
Det er jo ikkje sååå lenge til august og bursdag;)


♥♥♥

Så må eg få takke for alle tips angåande lysdekorering
Skjønner godt at ein kan bli hekta på dette. 
Om de har lyst å prøve anbefaler eg å lese kommentarane til forrige innlegg:)

Når det gjeld Give Away er eg fortsatt litt i tenkeboksen, 
men eg kjem tilbake til det:)

♥♥♥

Ønsker deg ein fantastisk laurdagskveld. 
Blir moro med Grand Prix!:)

Klem frå Bjørg :-)

fredag 28. mai 2010

Eg fekk eit tips...

..av Jorunn med den flotte og kreative bloggen Lille Frøken Jensen
Nemleg at til lysdekorering kan du bruke bilder du skriv ut på 
vanleg A4 kopipapir!! 
Fantastisk, ikkje sant? 
Då utvida jo mulighetane seg til det uendelege ;)

♥♥♥


Dette måtte jo sjølvsagt prøvast ut. 
Og eg klarer jo ikkje å vente.


Så seint igår kveld var det å skrive ut bilder
og stå å stryke med skei på stearinlys over ovnen. 


Håper ikkje naboane såg meg ;)


No kan ein bruke alle slags motiv. 
Må jo vere ei flott gåve?

♥♥♥

Til mi store overasking såg eg at eg har fått 99 supre følgera,
 og snart 10 000 besøk. 

Det hadde eg aldri trudd! :) 
Og eg er kjempeglad
Dette må jo feirast
Eg aner ein Give Away ;) 

Følg, følg med!:)

♥♥♥

Håper alle får ein kosleg fredagskveld, 
og ei strålande helg!


Klem frå Bjørg :-)

torsdag 27. mai 2010

Papirmoro!:)

Som de såg igår leve eg med eit mildt sagt rotete spisebord for tida. 
No er det begynt å gje nokre resultat
Må jo sjølvsagt vise dokke då :)


Eg har dreve mykje med scrapbooking. 
Då eg jobba i bokhandel, hadde eg ansvaret for ei stor scrapbookavdeling der. 
Det var ein jobb eg storkosa meg med!:)
No går det litt i byer med hobbyen, sidan eg ikkje har hobbyrom for tida.

♥♥♥

Ein Stratoskjeks- boks kan bli ei gåveeske eller til oppbevaring..


...til for eksempel lys.


♥♥♥

Hos oss tenner vi mykje lys året rundt. 
Då er det kjekt med noko anna enn 
desse liggande rundt omkring i huset;


Eg har skreve ut vintagebilde frå internet 
og eit dåpsbilde av Ariel som eg har "gjort gammalt" i Photoscape. 
Eskene er blitt dekorert 
med bildene og diverse papir, sløyfer osv..


♥♥♥

Også har eg endeleg funne fine servietter frå Sagen
slik at eg og kan prøve lysdekorering
Utruleg dekorativt og enkelt! 
Anbefalast!:)


For dei som ikkje har prøvd er bruksanvisninga slik;

♥Ta det ytterste laget på servietten
♥Legg dette laget på lyset.
♥ Varm ei skei rett på plata på steikeovnen din.
♥ Stryk den varme skeia over servietten på lyset, og det smelter til eit bilde på lyset.

♥♥♥

No skal resten av kvelden brukast til meir scrapping
Denne gongen skal 
albumet til Ariel få fleire sider  :)

♥♥♥

Tusen, tusen takk for alle helsingar de legg igjen til meg. 
Eg blir hoppande glad for kvar einaste ein :)


Ønsker deg ein strålande kveld!



Klem frå Bjørg :-)


onsdag 26. mai 2010

Eg er så heldig!:)

I går fekk eg ei kosleg overrasking av Madelen med bloggen Bettum Villa. 
Ho har laga ein Godhjertet Blogger Award til meg og 3 andre. 
Er ikkje det snillt gjort?:))


Er det nokon som fortjener denne så må det vere 
deg Madelen :) 

Ho har alltid ei kosleg helsing på innlegga mine. 
Og bloggen hennas er eit "must" i kvardagen min, der ho sprer glede
 og viser fram sine kreative syssler :)
Ei skikkeleg god jente
som eg er glad for å ha blitt "kjent" med her i Bloggland!

Om du ikkje har gjort det før, bør du besøke henne HER!

♥♥♥

Så kjem den delen som alltid er så vanskeleg
Å gje den vidare.. 
Eg synast Bloggland har berre snille og godhjerta jenter/damer. 
Men nokon må velgast, og her kjem dei;

Lille Frøken Jensen  denne jenta her var ein av dei første som kommenterte på innlegga mine då eg starta å blogge i februar. Eg set utruleg stor pris på deg. Du var ein av dei som motiverte meg til å fortsette å blogge:) Og på bloggen din, der trivst eg godt!:)

Husfruas Memoarer ♥ Hulda har ein av dei finaste bloggane eg veit om. Ho viser dei herlegaste bildene av sitt nydelege kvite hus ned med sjøen. Eg blir alltid fyllt av inspirasjon når eg er min daglege tur innom bloggen hennar. Eg får og koslege helsingar og tilbakemeldingar frå henne på mine innlegg. Noko eg verdset høgt:)

Camilla's Vidunderlige Verden ♥ Camilla er eit ganske så nytt bekjentskap her inne. Eg vart kjent med ho fordi ho tilbydde seg å hjelpe meg med Layouten på bloggen min. Ho må jo vere noko av det snillaste? Takka vere henne er eg kjempefornøgd med sida mi no. Tusen takk!:) Ho har og ein nydeleg blogg som eg er innom kvar einaste dag.

Home Made By Vivi ♥ Vivi har ein nydeleg blogg med mange kreative innslag. Eg gleder meg til kvart eit innlegg. Og ho er kjempeflink til å legge igjen koslege helsingar. Veldig kosleg å bli "kjent" med henne!:)


De vel sjølv om de vil sende Awarden vidare. 
Dette er min måte å vise at eg set pris
på deg! :)

♥♥♥

Stovebordet mitt ser fortsatt slik ut;


Når eg først er komt i det kreative hjørnet, 
ser det gjerne slik ut i fleire dager. 
Heilt til eg har fått scrappa frå meg. 
Og du, så moro det er!:)

♥♥♥

Ønsker deg ein strålande fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)



tirsdag 25. mai 2010

"Pimping" i gangen ♥

I dag bestemte eg meg for å rydde litt i gangen vår
Den blir så fort full av klær og sko. 
Så eg satte i gong, og enda opp med "ny" kommode og "nytt" skap.

♥♥♥

Eg har lenge irritert meg litt på møblane våre i gangen. 
Dei vart innkjøpt på IKEA til ein billeg peng, og har 
gjennomsiktige skuffer og skapdører. 
Det er ikkje alltid så lekkert, 
når ein ikkje har orden innvendig då sjølvsagt ;)

kommoden før/ etter:



Kledene viser kjempegodt der dei ligg krølla ned i skuffa ;) 
Eg fann fram noko gåvepapir eg kjøpte på 
Europris for litt sidan. 
Og klipte og teipa.


Mykje finare synast eg. 
Og det geniale er at det er kjempeenkelt å bytte ut 
viss eg finn eit gåvepapir eg liker bedre ;)


Skapet før/ etter:



♥♥♥

Korga som stod opp på skapet før, er no flytta til inngongsdøra. 
Der den huser resten av putene som brukast ute.


Veldig greit å ha putene lett tilgjengeleg
Også pynter det litt opp og 
synast eg :)


På tavla har eg skreve SOL
For å trylle den fram,
 kanskje?


♥♥♥

Stovebordet mitt er 
no overfyllt av scrapbooksaker og andre hobbyting. 
I kveld skal eg nemleg kose meg!:)

♥♥♥

Håper du har ein Fin- Fin Kveld! :)



Klem frå Bjørg :-)

Related Posts with Thumbnails