onsdag 31. mars 2010

God Påske ♥

Dei fleste i Blogglandia tek vel påskeferie no. Det blir nok litt stille på bloggen min eitpar dager og, sjølv om eg skal vere heime. Eg kjem garantert til å titte innom :)

Her i bygda kjem "alle" heim til påske. Dei som ikkje har hatt vet til å flytte heim (slik som eg hadde ;) 
Så eg håper på mykje moro og sosialt samvere :)

Så då vil eg ønske dokke alle ei super- duper- god påske! 

Til slutt må eg vise dokke nokre bilder frå min for tida,
blomstrande heim :)























































































































Eg må og nemne at eg og endeleg er blitt medlem av det store felleskap NIB.
Jippi!! :)

Påskeklem frå Bjørg :-)

tirsdag 30. mars 2010

Gangen vår ♥

Det har skjedd litt i gangane våre den siste tida. Det som fekk seg ein omgang med spray har havna her :)























Bildet under viser korleis gangen såg ut. Her var den ikkje styla i det heile!























Etter litt ommøblering, meir stæsj og mykje meir kjærleik vart den slik ;)












































Kroken mot soverommet vårt såg slik ut...























Men så tok eg sprayen fatt på gamle brune ting eg fann i kjellaren. Og det vart eit matchande resultat...












































Bildene har min kjære tatt. Dei er frå Naxos (øverst) og Venezia (nederst). Turer vi har vore på som betyr noko spesielt for oss 

I trappeoppgangen har desse bilda komt opp, i nyspraya rammer.

































Og påskeliljene har inntatt plassen på kommoden i gangen nede.









































Her i bygda er det flott ver idag. Skikkeleg vårver. Berre ein fortrenge snøen som kjem truande nedover fjellsidene..ooff!
Det blir nok trilletur om ikkje lenge :) (eg må gå av meg alle kakene eg har ete dei siste dagane..kan bli ein laaaang tur ;)


 Vil gjerne ønske dokke alle ein strålande dag,
       og fortsatt god påske



Stor klem frå Bjørg :-)

mandag 29. mars 2010

Kosepledd:)

For nokre dager sidan såg eg eit heklepledd på bloggen til Marny Alice.



Det var forelskelse ved første augekast! 
Eg plukka opp mobilen i ein fei, og ringde søstra mi som bur i meir sentrale strøk.
"Skal du tilfeldigvis på Spar Kjøp?" spurde eg ho med mi finaste stemme.
"kva du skal ha no då?" var svaret
  (ho er sikkert litt lei av sånne telefoner frå meg for tida ;)



Ho skulle ikkje på Spar Kjøp, men tok seg ein tur for mi skuld. 
Snilde søsta! :) 
Tusen takk!!




Så no er eg den heldige eigar av dette flotte heklepleddet frå Spar Kjøp. Jippi! :)
Har du det og slik av og til? 
Du ser noko du berre ha?




Det var ei god investering. 
Berre 229 kr og akkurat passe tjukt å tulle seg inn i,
 no når det blir varmare i veret.




Eg er nemleg avhengig av å ha pledd over meg når eg ligg i sofaen. 
Same kor varmt det er, må eg liksom krype under pleddet. 
Det er så kosleg, 
og eg føler meg nesten naken uten :)

No skal eg sjå TV..under det nye fine pleddet mitt ;)

Ha ein strålande kveld!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 28. mars 2010

Den store dagen ;)

No ligg eg og min kjære utstrakt i sofaen, utsletne etter ein vellykka dag!
Ariel er døypt, og oppførte seg eksemplarisk!:) Heldigvis!
Har faktisk ikkje grene i omtrent heile dag! Sikker på at ho lika å vere midtpunktet ;)



Dåpskjolen har Mamma sydd. Ariel var så fin i den :)




Bordet var enkelt pynta i sølv, glass og rosa.



Dei flotte rosene eg fekk tak i pynta nydeleg på bordet :)

menyen stod;

Sosakjøt med ertestuing, potet og gulrot (catering ;)
Sjokolademousse til dessert (homemade ;)

Og kaker i lange baner ;)



Eg laga marsmallows på pinne med sjokolade og strø, og blåbærmuffins med rosa glasur og strø ;)
Resten har dei flinke og snille damene i familien laga :)

No tar vi kvelden. Trøtte og ikkje minst mette! :)

(må jo sjølvsagt ta meg ei bloggerunde først ;)


Ha ei fortsatt fin helg!



Klem frå Bjørg :-)

lørdag 27. mars 2010

Roser

Titter innom for å ønske alle
ein kjempeflott Palmelaurdag :-)
Her i Fjordhuset er det barnedåp som gjeld idag. Utruleg kva som må fiksast og ordnast før den store dagen i morgon!

Eg må vise dokke rosene eg nett har vore å henta hos blomsterbutikken.

Er ikkje dei nydelege?
























































Eg skal pynte med dei, ein og ein i fleire kvitvinsglas på bordet.



















Trur det må bli flott!



































No venter eg berre på å få det eg mangler i hus. Rart korleis det plutseleg viser seg kva ein har lite av når ein dekker til mange. Her mangla det både stoler, bestikk, glas m.m Då er det godt å ha Mamma i nærleiken, som låner ut det eg treng!


Håper å få lagt ut bilder av det ferdige bordet i morgon :-)



Ha ein strålande dag!

Klem frå (aldri så lite stressa) Bjørg :-)

fredag 26. mars 2010

Raudt!

Eg fekk utfordringa frå Christines rede om å finne 5 raude ting i enten stove, kjøken eller gang.

Også raudt då tenkte eg med ein gong.
Eg har jo ingen raude ting. Det eg har som er raudt ligg i øskjer på loftet, dvs julepynt. Fjordhuset er veldig raudt til jul, men ellers i året er ikkje det ein farge eg likar så godt i heimen. Eg er liksom litt meir rosa og pastell ;)

Men då eg begynte å gå ei runde med kameraet, dukka dei opp ein etter ein..dei raude tinga ;)























Vintage Kellogg's muggen er jo raud ;)

















Og "Den Rødrutete Kokeboken" til Ingrid Espelid Hovig er jo definitivt raud, og ikkje så mykje i bruk som den burde vore ;)

















Lengst bak i kjøkenskapet fann eg desse prikkete raude koppane. Satt fremst for anledninga ;)























Desse raude tøyhjertene er eigentleg julepynt, men vart hengande på kjøkenet etter jul og. Fordi eg synast dei var litt søte :)























Og sist, men ikkje minst fekk eg endeleg anledning å vise fram den flotte raude dressen Ariel har fått av Besta si (min kjæres Mamma) Ein nydeleg strikka jordbærdress, som Ariel brukar kvar gong vi skal ut :)

Og det var jammen meg 5 raude ting :)

No vil eg utfordre Randi med bloggen Borte bra, men hjemme best til å finne 5 grønne ting i sin gang, kjøkken eller stove :) Lykke til! :)

No skal eg kose meg vidare med bordpynting til barnedåpen søndag. Og det går i rosa :-) Her er ein smakebit, meir kjem :)




































Klem frå Bjørg :-)

torsdag 25. mars 2010

Og vinneren er...























Då er dei heldige vinnerane trekt :)
Det var 51 søte deltakerar som ville ha til saman 120 lodd :)

Eg skreiv ut 3 eksemplar av kommentarlista, og klipte ut så mange lodd som den enkelte skulle ha.
Dei vart bretta saman og plassert i brødkorga vår ;)























Min kjære trekte ut vinnerane 


Og det vart:


Tam ta daaaaaa!!! ;)


1.plass Kristina med
Kristina's interiørdrømmer


2.plass Mona med  Lykkehjemmet
3.plass Anette med Hvit Romantikk


Gratulerer så mykje til dokke alle tre!
Alle med kjempefine blogger som er verdt mange besøk :)
Gevinstane skal eg sende ved første anledning, så snart de gjer meg adressa dokkas! ;) Send meg gjerne ein epost:)

Til dokke andre tusen takk for at de ville vere med, og lykke til neste gong :)


























Klem frå Bjørg :-)



Vinn du?;)























Siste sjanse å ta lodd i Give Awayen min idag fram til klokka 18.00. Etter det tar eg ut lister og begynn på trekningsjobben :) Du kan ta lodd her! :) 























1. Premie  
Green Gate krus
Green Gate skei
Hjertepynt frå Kremmerhuset
Små englevinger frå Kremmerhuset
Rosa brikke frå Princess

2. Premie  ♥ 
Ein overraskelsepakke

3. Premie   ♥ 
Ein overaskelsepakke























Tusen takk til alle som har deltatt. Eg har blitt kjent med mange snille og søte bloggedamer gjennom konkurransen! :)
Gleder meg som ein unge til å finne ut kven som vinn :)

Ha ein fortsatt fin dag, så "snakkast" vi ikveld :)

Klem frå Bjørg :-)


Viktig! For at eg skal få med alle som tar lodd, er det viktig at de tar lodd på denne linken her. Du kan med andre ord ikkje ta lodd under dette innlegget ;)

onsdag 24. mars 2010

Jippi! :)

I dag har eg henta den etterlengta pakken min, og vore på handel på den nye butikken FRYD i Stryn :)

Så no har det kvite lyshuset mitt fått selskap av desse lekkerbiskenane ;)



Eg betilte Lyshusa i zink etter jul hos Frk Doris. Ho venta dei inn i februar og ville legge dei av til meg.



Februar kom, og februar gjekk. Men no i mars kom dei :)



Vel verdt å vente på! Dei er så stemningsfulle! :) Trur eg har sett etter dei i butikker og nettbutikker i eit halvt år snart, utan å lykkast før no :)



Som sagt før var eg også til Stryn ein tur. Med oppheva sjølvpålagt kjøpestopp, kunne dette bli ei kostbar affære.



Men eg var faktisk flink, og vart ikkje blakk :P. Eg har handla inn 2. og 3. premie til Give Awayen min. Det er noko eg ville likt å fått, men det er fortsatt hemmeleg ;)



Give Awayen min blir trekt i morgon kveld, og dei heldige vinnerane blir kunngjort rett etter :) Blir moro å sjå kven som stikk av med premiane :)



Den nye butikken FRYD i Stryn skuffa ikkje. Den er dreven av den hyggelege dama bak denne bloggen; Ingrids Mamma. Ho har og facebookgruppa FRYD. 
Mange nydelege ting og tang i butikken henna, blant anna frå Green Gate 



Eg klarte ikkje å gå frå denne skjønne, nostalgiske klokka frå Green Gate.



Vart nesten forelska i den ♥ ;)

No skal eg kose meg resten av kvelden med å vaske hus. Kjedleg, men det må jo gjerast ;)

Husk å melde deg på Give Awayen min, ikkje lenge igjen til trekning no :)
Må og takke for all kosleg respons på kjøkkenet vårt i forrige innlegg. Moro at det ikkje er berre eg som synast det er fint :)

Ha ein strålande onsdagskveld!

Klem frå Bjørg :-)
Related Posts with Thumbnails